Hopp til innhold

Dobbelt opp med rekordar i Lærdal

Torbjørn Ludvigsen (BFG Fana) og May Britt Buer (Guler) sytte for nye rekordar under laurdagens Storehaugen Opp.

Thorbjørn Ludvigsen under Storehaugen Opp

REKORD: Thorbjørn Ludvigsen sletta den gamle løyperekorden med 43 sekund.

Foto: Storehaugen Opp

Det er fjerde gong at friidrettsgruppa i Lærdal arrangerer motbakkeløpet.

På grunn av sein vår, var det inntil nyleg snø på dei siste 500 meterane mot Storehaugen, men denne vart effektivt fjerna av ein ihuga dugnadsgjeng med spade.

Knuste rekord

Dermed var det fritt fram for Torbjørn Ludvigsen (BFG Fana) og May Britt Buer (Gular) å sette kvar sin løpsrekord.

(Artikkelen held fram under biletet)

May Britt Buer under Storehaugen Opp

MOT MÅL: May Britt Buer under Storehaugen Opp.

Foto: Storehaugen Opp

Med tida 32,15 forbetra Ludvigsen Øyvind Heiberg Sundby sin rekord frå i fjor med 43 sekund. Buer knuste derimot Merete Helgheim (GFIL) sin løpsrekord frå 2009 med 3,20 minutt då ho sprang inn til tida 37,58 på den kring 3,7 kilometer lange løypa.

300 mosjonistar

Eit imponerande stykke arbeid når ein tenkjer på at løypa har ei stigning på nær 25 prosent. Anita Håkenstad (Øystre Slidre) og Merete Weng (IL BUL) følgde på dei neste plassane.

I alt stilte 112 deltakarar på startstreken i konkurranseklassa. I mosjonsklassa stilte 300 deltakarar.

I ei pressemelding fortel arrangørane om stor dugnadsinnsats før arrangementet. Totalt 250 liter væske og tidtakingsutstyr med meir vart frakta opp.