Hopp til innhold

Dobbelt NM-gull i benkpress

Tommy Navarsete og Fredrik Eskil Myrvang tok begge gull i benkpress under NM i benkpress på Lillestrøm laurdag.

Benkpress NM.

I NM: Fire representantar frå fylket under NM i benkpress. Nils Espeseter (t.v. løftar søndag), Tommy Navarsete (midten framme, tok gull), Fredrik Eskil Myrvang (midten bak, tok gull), Roger Navarsete (t.h.).

Foto: Privat

– Eg hadde ikkje heilt dagen, så eg byrja på 265 kilo. Så tok eg 270 i andre forsøk, men klarte ikkje 275 i det tredje, seier Tommy Navarsete til NRK.

– Kan ein gjere det betre enn gull?

– Nei, men kilomessig var det ikkje heilt på topp. Men eg må seie meg godt nøgd med gull på ein halvgod dag, seier han.

Dagens NM-gull var det fjerde i rekka i klassen for dei opptil 93 kilo. Ein av hans argaste konkurrentar var søskenbarnet Roger Navarsete som har Norgesrekorden med sitt løft på 290 kilo.

– Han begynte på 275 kilo og hadde ikkje dagen. Då vart han ståande utan teljande resultat, seier 38-åringen.

Han har sjølv ein personleg rekord på 272,5 kilo, og det neste store målet er VM i Litauen i mai. Der stiller både han og søskenbarnet Roger, pluss Fredrik Eskil Myrvang.

Myrvang vann NM-gullet i klassen for dei opptil 59 kilo laurdag.

Fredrik Eskil Myrvang, Roger Navarsete og Tommy Navarsete Espeseter

VM-KLARE: Fredrik Eskil Myrvang, Roger Navarsete og Tommy Navarsete er klare for VM i benkpress.

Foto: Privat