Hopp til innhold

Dobbelt butikkinnbrot i natt

I løpet av natta har det vore innbrot i to butikkar: Ein på Vassenden og ein i Førde. Politiet trur dei same personane står bak begge innbrota, men tjuvane fekk ikkje med seg noko av verdi frå nokon av stadene.

Innbrot på Coop på Vassenden
Foto: Ole André Rekkedal / NRK

SISTE: Bilen poltiet trur vart nytta i rana er funnen på sandtaket til Mange Hafstad AS. Bilen vart køyrd så langt grusvegen går.

Turgåarar fann bilen og melde frå. Politiet har sjekka for DNA, og ein bergingsbil skal fjerne bilen.

To innbrot

– Mellom klokka 00.55 og 02.00 har vi hatt to innbrot: Eitt på Vassenden og eitt i Førde. Vi har observasjonar av ein sølvfarga BMW X3, så det er grunn til å sette dei i samanheng, seier operasjonsleiar hjå politiet, Trond Hatlenes.

Dei som gjorde innbrotet har ikkje fått med seg noko, men har gjort skadeverk. På Coop Marked Vassenden høyrde vitne at alarmen på butikken, og like etter såg dei ein BMW køyre vekk, seier lensmann Knut Børge Skurtveit i Jølster.

(Artikkelen held fram under biletet)

Innbrot på Coop på Vassenden

BRAUT OPP DØR: På Coop på Vassenden har tjuvane brukt verktøy for å bende opp døra. Lensmann Knut Børge Skurtveit undersøker skadane på døra.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Braut seg inn gjennom vindauge og dør

Tjuvane har nytta ulike metodar for å kome seg inn på dei to stadene. På Vassenden braut dei opp ei dør, på Biltema i Førde tok dei seg inn gjennom eit vindauge, seier Magne Faleide ved Førde og Naustdal lensmannskontor.

– Dei har gått gjennom lokala og brote opp nokre dører inne i bygningen. Vi har opplysingar om at det var to gjerningsmenn inne i lokala. Slik det ser ut no har dei ikkje fått noko med seg. Alarmsystemet har fungert, og tilsette har kome til, og det førde til at gjerningsmennene måtte rømme.

(Artikkelen held fram under biletet)

Biltema innbrot

STENGD: Biltema-butikken i Førde er stengd i dag, grunna innbrotet i natt. Dette var berre ein av to butikkar der tjuvar braut seg inn i natt.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Faleide stadfestar at dei set innbrotet i samband med innbrotet på Vassenden og at dei etterlyser ein bil.

– Vi er interessert i ein SUV-liknande BMW som skal vere observert både på Vassenden og her i Førde. Fargen er vi litt usikre på.

Han kjenner ikkje til om det har vore andre innbrot i fylket i natt, men ber folk som kan ha sett noko om å ringe. Politiet har telefon 02800.

Innbrot Biltema

INN GJENNOM VINDAUGE: På Biltema tok gjerningsmennene seg inn her.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK