NRK Meny
Normal

Dobbel slalåmsiger for Solheim

Alpinisten Åge Solheim vann to FIS-renna i slalåm i Sverige i helga. No håpar han på å få delta i europacupen.

Åge Solheim på trening før sesongen

VINNAR: To sigarar for Åge Solheim (Haugen IL) i Sverige i helga.

Foto: Privat

– Det har gått over all forventing både laurdag og søndag. Søndag starta eg litt dårleg i første omgang, eg låg halve sekundet bak han som leda. Då var berre å køyre for full gass i andre omgang. Og det gjekk.

Det seier Åge Solheim til NRK mens han er på veg heim frå Sverige etter ei særs vellukka helg i nord i broderlandet.

– I andre omgang var det alt eller ingenting. Eg visste at eit par konkurrentar hadde køyrt ut, og eg skjønte då at eg hadde moglegheiter for å vinne.

– Du satsa og vann?

– Ja, det var seier eller ingenting som gjaldt i dag.

– Korleis var rennet i dag i høve i går?

– Eg vann med litt meir i dag. Og sjølv om det var nokre av dei beste som køyrde ut, så vart det likt sånn punktmessig. Eg gjorde to gode løp og er eg glad for det.

Åge Solheim

FIS-RENN: Frå renna i nord-Sverige laurdag og søndag.

Foto: Privat

Braut foten

I april i fjor braut Haugen-alpinisten leggen under eit FIS-renn i Sverige. No var han tilbake og vann begge renna han deltok i. Det kan difor synast som om Sverige er eit alt eller ingenting for alpinisten.

– Eg likar slalåm i Sverige, smiler 20-åringen.

20. februar er det uttak til junior-VM. Solheim har eit håp om at han blir trekt ut og får køyre.

I mellomtida skal han ligge i trening eller kanskje bli med på ein liten rennrunde.

Han stadfestar også at han siktar mot Europa.

– Er det håp om europacup for deg i år?

– Eg håpar jo det. Eg har fått signal om at dersom eg presterer i nokre renn kan det hende eg får prøve meg.

– To sigrar no må vel karakteriserast som å prestere?

– Eg håpar det.

Åge Solheim

GLAD: Frå premieseremonien.

Foto: Privat
Vegopning på Bergum i Førde kommune