Hopp til innhold

Dobbel prisvinnar på første forsøk

Ho hadde aldri gjort det før, men Oline Birgitte Nave stakk av med både dokumentarprisen og publikumsprisen under Q-filmfestivalen i kveld.

Dobbel prisvinnar Oline Birgitte Nave

VANN PUBLIKUMSPRISEN: Oline Birgitte Nave sin film om 4H i Ghana fekk nesten tusen stemmer.

Foto: Elias Engevik / NRK

– Det er over all forventning, men det er sjølvsagt veldig kjekt, seier den glade prisvinnaren.

Nedst på sida kan sjå vinnarbidraget og alle dei andre nominerte filmane!

Trudde ikkje det var sant

Q-filmfestivalen på Sandane blir arrangert av medieelevar ved Firda vidaregåande skule.

Festivalen har pågått heile veka. I kveld var det duka for Qpris, ein storslått gallakveld, med raud løpar, fingermat og prisutdeling.

Juniorprisen gjekk til UFO, prisen for både beste fiksjon og etterarbeid gjekk til Pensjonert, medan filmen om 4H i Ghana stakk av med både publikumsprisen og prisen for beste dokumentar.

Oline Birgitte Nave innrømmer at ho vart sett litt ut då ho vart kalla opp på scena for andre gong.

– Eg trudde ikkje heilt på det. Det er heilt utruleg at eg skulle vinne begge deler, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Publikum under Q-pris

PUBLIKUM: Prisutdelinga gjekk føre seg i Trivselshagen på Sandane.

Foto: Elias Engevik / NRK

To prisar på første forsøk

Publikumsprisen vart stemt fram på nett av NRK Sogn og Fjordane sine lesarar. Vinnarbidraget fekk nesten tusen stemmer. Det tykkjer den unge filmskaparen er kjekt.

– Særleg på grunn av temaet i dokumentaren er det er kjekt at så mange har sett den, seier Nave.

Filmen handlar om eit prosjekt 4H har i Ghana der dei lærer ungdomar å dyrke sin eigen mat. Dokumentaren har ho laga saman med Torgeir Timenes Bell og Ida-Louise Eikås.

– Vi var tre stykk som gjekk rundt med kvart vårt kamera i to veker og kom heim igjen med veldig mykje forskjellig. Det har vore ein veldig spennande prosess å sjå i gjennom alt og velje kva vi skulle lage filmen om, seier Nave.

Resultatet vart ein dokumentar på nesten fem minutt, den første ho har laga nokon sinne. Det gav meirsmak.

– Eg føler eg har lært utruleg mykje. Viss eg finn eit like spennande tema, så kan det hende eg prøver meg igjen, seier ho.

Her er dei ti filmane som var nominerte:

4H Ghana

4H Ghana. Medverkande: Torgeir Timenes Bell, Ida-Louise Eikås og Oline Birgitte Nave. Musikk: Philter – Breakdown Into 8-Bit

Jordalen

Jordalen. Regi: Cecilie Skogheim.

Kontrast

Kontrast. Regi: Renate Solibakke og Frøya Bergheim. Musikk: Bjarne Iestra

Move Forth

Ein film av Jonas Flaten.

Pensjonert

Pensjonert. Regi: Ottar Brochs. Musikk: Kevin MacLeod, Ludwig van Beethoven, Ottar Brochs, Martin Berg Andersen, Dovydas Miliauskas

Prosjekt Nordfjord

Prosjekt Nordfjord. Regi: Iver Heen Ask.

Skygger fra fortiden

Skygger fra fortiden. Regi: Mark John Cupper, Per Asbjørn Gundersen, Emil Ringstad, Patryk Smørdal og Stein Witteveen

UFO

UFO. Regi: Gjest Ingeson Kvåle og Jacob Årøy.

Året som gikk

Året som gikk. Regi: Matias Myklebust