Hopp til innhold

Dobbel Brochmann i Sogndal

Tonny Brochmann har skåra to mål for Sogndal i år. No får han selskap av den einegga tvillingbroren sin på treningsfeltet.

Tonny og jimmy Brochmann

TO DRÅPAR VATN: Tonny til venstre, Jimmy til høgre.

Foto: Arve uglum / NRK

– Sjølvsagt håpar eg å få spele for Sogndal. Det har alltid vore ein draum å få spele med bror min. Vi spelte sist saman i Horsens i Danmark og det er lenge sidan no. I tillegg er Sogndal er ein god klubb, seier Jimmy Brochmann som med unntak av hårsveisen er prikk lik broren.

Han trente også litt med Sogndal i fjor haust, men vart skada og reiste heim til Danmark. I mellomtida har Tonny Brochmann utvikla seg til å bli ein offensiv nøkkelspelar for Sogndal, med to nettkjenningar i første seriekamp mot Odd.

Dansk andredivisjon

Jimmy Brochmann spelte tidlegare saman med broren i den danske Superliga-klubben AC Horsens, men har det siste året spelt i dansk andredivisjon.

For tida er han klubblaus, og brukar difor fritida på å besøke broren i Sogndal, og er samtidig med på treningane.

– Forskjellen på dansk andredivisjon og eliteserie i Norge er sjølvsagt stor, og Sogndal er ein god klubb, seier Jimmy Brochmann.

Litt meir defensiv

Jimmy Brochmann kan ifølgje seg sjølv spele i alle posisjonar på midtbana og som høgreback. Som broren likar han seg best ute på kantane.

– Vi er ganske like. Styrkane er nok mykje dei same, men eg er meir defensivt anlagt enn han.

Ikkje aktuell enno

Overgangsvindauget er no stengt og opnar ikkje att før i august. Dermed blir det lenge å vente for Brochmann nummer to, sjølv om han skulle gjere godt nok inntrykk på Sogndal-trenar Jonas Olsson.

– Han er ein bra spelar elles hadde han ikkje fått lov til å vere med på treningane, men no er overgangsvindauget stengt og vi har dei spelarane vi skal ha, seier Olsson.