- Vi har informasjon som langt overgår det vi treng for å seie at desse funna er identifiserande, sa Bente Mevåg. Ho avviste alle spørsmål frå Ivar Blikra om at det var tvil om at desse to funna tilhøyrer tiltalte.
Tvilling
- Dersom vi kan utelukke at han har ein einegga tvillingbror, kan vi utelukke at funna tilhøyrer andre enn tiltalte, sa Mevåg. Og den tiltalte 42-åringen har aldri hatt ein tvillingbror.
Vitnemålet til den røynde senioringeniøren frå Rettsmedisinsk institutt framstår i retten som det trumfkortet aktoratet heile tida har meint at dei har hatt i denne saka.
- Skuldspørsmålet seier vi ingenting om. Vi seier berre kor sannsynleg det er at dei funna som er gjort tilhøyrer den tiltalte, sa Mevåg. Og tidlegare i vitnemålet har ho klart og tydeleg slått fast at tre av dei DNA-funna som er gjort på Anne Slåtten heilt klart tilhøyrer tiltalte.
Ikkje urin
Forsvarar Bjarte Buanes stilte ein del spørsmål til Mevåg for å få fram om ho kunne utelukke at dei funn som er gjort på bh-en til Anne Slåtten kan vere urin frå den tiltalte. Altså at tiltalte har urinert i skogholtet og at dette har hamna tilfeldig på bh-en til Anne Slåtten.
- Eg kan ikkje utelukke dette, men eg tykkjer det er veldig usannsynleg, svarte Bente Mevåg.
Ho påpeikte at dei måtte sjå dei funn som er gjort i ein samanheng, og då ville det ha vore meir urin på bh-en enn det var dersom det var hald i teorien til forsvararen. Ho avviste også at dei burde ha undersøkt om det var urinert i det området Anne Slåtten vart funnen.
- Kan dei spor som er oppdaga vere teikn på at det har skjedd opplivingsforsøk, spurde Buanes.
- Hudkontakt er hudkontakt. Det er mogeleg, svarte senioringeniøren frå Rettsmedisinsk institutt.
Interessert
Den tiltalte har under heile forklaringa til Mevåg oppført seg roleg og interessert i det materialet ho har presentert. Han hadde ingen synleg reaksjon på at rettsmedisinaren slo fast at det er han som heilt sikkert har avgitt spor på brystet, leppene og bh-en til Anne Slåtten. Tidlegare har tiltalte forklart at han ikkje kan forstå kvifor det er funne spor av han på Anne Slåtten.
Rekordmange prøver
Bente Mevåg seier dei ikkje har hatt så mange analyser av funn i ei sak tidlegare. Totalt har rettsmedisinsk institutt undersøkt 1058 DNA-prøver frå vitner i saka.
- Kan dette gå ut over den andre delen av etterforskinga, spurde forsvarar Buanes.
- Nei, det kan eg ikkje svare på, sa Mevåg. Ho la til at det er ingenting i materialet i dag som kan styrke teorien om at det var fleire personar involvert i denne saka. Det var ingen tilfeldig kontakt, sa Mevåg og viste til dei prøver som knytter tiltalte til Anne Slåtten.
I Kripos sin rapport står det at det er funne materiale som kan knyte andre personar til funnstaden, svarte Ivar Blikra.
- Nei, då må vi ha blingsa i den rapporten du syner til, svarte Mevåg.
Autoritet
Bente Mevåg framstår med stor autoritet. Ho er senioringeniør ved Rettsmedisinsk institutt, og har vore tilsett der sidan 1979. Ho har hatt ansvaret for DNA sidan 1985, og i dag er ho leiar for avdelinga som undersøkjer alle DNA-spor.
Dei undersøkjer ca 20.000 prøver kvart år. Mevåg har jobba med alle dei store kriminalsakene i Noreg dei siste åra, mellom andre Baneheia-saka.