NRK Meny
Normal

DNA-spor avslørte gjerningsmann bak omfattande hærverk

Politiet har sikta ein mann i 20-åra for grovt skadeverk etter funn av DNA på fleire åstader.

Politiet gjer undersøkingar i Florø

FERDIG ETTERFORSKA: Saka er no ferdig etterforska av politiet. Det blir opp til politijuristar å ta saka vidare.

Foto: Truls Kleiven

Politiet fekk treff i DNA-registeret og kalla inn ein mann i 20-åra til avhøyr på bakgrunn av dette. Det var Firdaposten som først omtalte saka.

– Han har no tilstått at han står bak skadeverket. Han er ein kjenning av politiet, fortel politistasjonssjef Wenke Hope til Firdaposten.

Det var i november at det skjedde ei rekkje tilfelle av hærverk i Florø. Blant anna blei det knust fleire ruter. På idrettssenteret i Florø var dekka til parkerte bilar skore opp med kniv.

Saka er no ferdig etterforska. Hope seier til Firdaposten at ho ikkje er overraska om det vil følge erstatningskrav mot den sikta.

Knust rute i Florø

HÆRVERK: Fleire bileigarar fann bilane sine på denne måten tilbake i november i år.

Foto: Truls Kleiven
Vegopning på Bergum i Førde kommune