Haugland har ikkje sett seg inn i rapporten som legg opp til at NRK Sogn og Fjordane skal leggjast under eit av nabokontora. Rapporten er no ute på høyring, og skal så sluttbehandlast i styret i NRK.
Også til Stortinget
Haugland kan i eigenskap av generalforamling for NRK forlange å få saka på sitt bord, noko ho altså er innstilt på. Ho vil også la Stortinget uttale seg om saka.
Valgerd Svarstad Haugland hadde fått med seg at NRK Sogn og Fjordane har eit godt ord på seg og har mange lyttarar og sjåarar. I dag var ho sjølv på lufta i fylkesradioen. Foto Jostein Nyfløtt © NRK
Nynorsk kompetansesenter
Haugland er spesielt oppteken av nynorsken, og kallar NRK Sogn og Fjordane for ein plogspiss. Kontoret i Førde har lansert idèen om eit nynorsk kompetansesenter, og Haugland har stor tru på dette prosjektet. Ho meiner det kan bli ein realitet ved NRK Sogn og Fjordane, sjølv om kontoret blir lagt under Ålesund eller Bergen.