NRK Meny
Normal

Vurderer å gje seg i politikken: – Alt eller ingenting, seier den profilerte Frp-mannen

Fylkesleiar i Framstegspartiet er usikker på om han skal seie ja til å stille som kandidat på fylkestinget. Seier han nei betyr det at han gjer seg heilt som politikar.

Frank Willy Djuvik

SLUTT: Ein av fylket sine mest markante politikarar, Frank Willy Djuvik vurderer no å gje seg med politikken. – Familien må gå først, seier om kvifor han vurderer å slutte.

Foto: Petter Olden / NRK

– Seier eg nei til det eine, så blir det nei til det andre også. Det tek mykje tid å vere politikar, og eg må vurdere familiesituasjonen, seier Frank Willy Djuvik.

Det var til avisa Firda at fylkesleiaren i Framstegspartiet først sa at han var i tenkeboksen. Nominasjonsnemnda i partiet har i dag spurt sine kandidatar om å vurdere om dei vil stille på val, og dei har fram til 15. august å kome til ei avgjerd.

Dersom trebarnsfaren måtte bestemt seg i dag, er han klar på kva valet ville blitt.

– Akkurat no er eg veldig over på den sida at eg ikkje skal ta attval. Eg syns det er interessant å halde på med politikk, men det får andre konsekvensar når ein har familie og skal planlegge framtida. Det er vanskeleg å vere fulltidspolitikar og kombinere det med jobb og familie, seier Florøværingen, som også sit i bystyret.

– Å kutte ned på verva er ikkje eit alternativ

Djuvik er ein markant politikar i Sogn og Fjordane. Han er fylkesleiar i Framstegspartiet, gruppeleiar for partiet på Fylkestinget og i Flora bystyre. Å kutte ned på nokre av dei politiske verva er ikkje aktuelt.

– Det går å velje vekk det eine, men det å vere bystyrepolitikar i Flora er ikkje akkurat lite tidkrevjande. Vi har ofte sakspapir på 500–600 sider og sit i enormt lange møter. Ein kan ikkje ha konstant dårleg samvit overfor veljarane sine fordi ein ikkje har førebudd seg og sett seg inn i sakene godt nok, då må ein velje å la vere, seier Djuvik.

Framstegspartiet gjekk i 2013 saman med Høgre i regjering. Det å kome tettare på avgjerslene, og vere i stand til å påverke politikken på ein anna måte enn frå opposisjonshald, er det som kan få politikaren til å seie ja til å halde fram.

– Det er mykje meir gjevande å sitte i posisjon og ta ansvar og ha mulegheit til å påverke samfunnet, og eg viker ikkje unna sjølv om det blir tøft, seier han.

Kva han skal finne på dersom han gjer seg som politikar har han framleis god tid til å finne ut av, og så langt har han ikkje kome.

Det som likevel er klart er at det truleg ikkje blir stilt frå den markante politikaren uansett.

– Eg er ikkje laga for å vere taus.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser