«Bompengar blir ikkje aktuelt for Førde»

Frank Willy Djuvik meiner Framstegspartiet i dag har gjort eit vedtak som gjer at det ikkje blir Førdepakke med bompengar. Men styreleiaren i Førdepakken set sin lit til Høgre.

Frank Willy Djuvik

INGEN FØRDEPAKKE: Frank Willy Djuvik seier dei har makta i samferdsle- og finansdepartementet og at det gjer det lite truleg at det blir bompengar for å finansiere vegar i og rundt Førde.

Eirik Hildal
Journalist

– Landsmøtet har samrøystes slått fast at bompengar ved bruk av bypakkeordninga ikkje blir aktuelt for Førde, seier Djuvik til NRK.

Djuvik meiner følgjande vedtak frå landsmøtet kan sette ein stoppar for bompengar: ”Landsmøtet understreker at bypakkebegrepet gjaldt for ni definerte byområder, og legger ikke til grunn at andre steder definert som by kan ta del i ordningen.”

Førdepakken er eit vegprosjekt for å betre tilhøva for gjennomgangstrafikken og lokaltrafikken. Det vil også bli ei oppgradering av vegane i sentrum. Tanken er å finansiere det med bompengar.

– Førdepakken har prøvd å ta ein snarveg ved å knyte seg til bypakkeordninga, men no har landsmøtet slått fast at berre dei ni største byane har den type miljøproblematikk som gjer at dei kvalifiserer til ordninga, seier Djuvik.

Bomring i Førde

TILRÅDD BOMPENGELØYSING: Det er lagt opp til to bommar på E39, éin på vestsida før rundkøyringa ved Førde hotell, éin på austsida på Bruland aust for Farsund Bygg, på riksveg 5 ved sørenden av Klettentunnelen, i Angedalsvegen mellom Kyrkjevegen og avkøyrsla til Presteholten og på fylkesveg 484 ved brua Kronborg-Vie. Det er i tillegg lagt opp til ein sjette bomstasjon på brua som er planlagd mellom Halbrendsøyra og Øyrane.

Foto: Rambøll AS

Styreleiaren føler seg trygg på at det blir bompengar

Førde kommune og fylkeskommunen har sagt ja til å betale 150 millionar kvar av eit spleiselag på 1,5 milliardar som skal til for å finansiere Førdepakken. Berre Framstegspartiet har stemt mot i lokal- og regionalpolitikken.

Dersom saka får fleirtal på Stortinget, skal staten betale ytterlegare 150 millionar, medan bilistane skal stå for rundt 1 milliard.

Oddvar Flæte

STYRELEIAR: Oddvar Flæte.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Eit landsmøte kan gjere sine vedtak, men vi forholder oss til regjeringa, seier styreleiar i Førdepakken, Oddvar Flæte.

Flæte hevdar å vite at eit utkast til proposisjon til Stortinget er på høyring mellom departementa, og har ingen tru på at Djuvik greier å stogge Førdepakken.

– Denne regjeringa har så langt arbeidd med å få fram ulike bomprosjekt, og eg har vorte forsikra av sentrale representantar for Høgre at dei går vidare og vil følgje denne saka slik at ho kjem fram til Stortinget. Eg føler meg ganske trygg på at saka får fleirtal på Stortinget, seier Flæte.

– Vi har makta i departementa

Men Djuvik trur det blir ei negativ innstilling frå regjeringa.

– Med eit slikt vedtak frå landsmøtet blir det bortimot umogleg for våre regjeringsmedlemmar eller stortingsrepresentantar å gå for bompengar. No har vi styringa i både Finansdepartementet og Samferdsledepartementet. Det er lite som tyder på at det vil kome noko positiv innstilling derifrå, seier Djuvik.

Førdepakken

VEDTEKNE PROSJEKT: 20 forskjellige prosjekt skal etter planen finansierast gjennom bompengar i Førdepakken.

Foto: Fordepakken.no
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.
I Gloppen har alle skular fått sjakkbrett i gåve av sjakklubben. No vil klubben ha sjakk som valfag i skulen.
Aril Sande frå Nordfjord har vore mannskap på Siem Pilot i Middelhavet det siste året.