Hopp til innhold

Frp-Djuvik vil endre heile landbruket i heimfylket - men han trur på valsiger likevel

33-åringen frå Florø har stor tru på at velgjarane vil sende han på Stortinget. Men han vil endre inntektssystemet for alle bøndene.

Frp-Djuvik vil endre heile landbruket i heimfylket - men han trur på valsiger likevel.

OPTIMIST: Frank Willy Djuvik trur at velgjarane vil gje han tilstrekkeleg med tillit til at han han overta for veteranen Åge Starheim på Stortinget.

Bondelaget har ikkje vore nådige mot partiet til mannen frå kystbyen, som mange reknar som den einaste synlege Frp-politikaren i Sogn og Fjordane. Då dei drog fram kalkulatoren for å rekne på Framstegspartiet sin landbrukspolitikk, fekk dei «error» som svar.

I ettermiddag vart Frank Willy Djuvik grilla i NRK Sogn og Fjordane si valutspørjing. Og det var naturleg å spørje om kvifor ikkje ikkje Frp lyttartil bøndene når de utformar politikk som angår dei?

– Vi har jo lyst å lytte til bøndene, og vi inviterte bondelaget inn til å sitje i ei gruppe som nettopp skulle sjå på Framstegspartiet sin landbrukspolitikk. Bondelaget ville ikkje vere med. Vi har sett at vi har store utfordringar innanfor landbruket i dag. Vi har mindre og mindre areal som blir brukt til matproduksjon. Vi har fleire og fleire bønder som gir opp, sa Djuvik.

Vi har jo lyst å lytte til bøndene, og vi inviterte bondelaget inn til å sitje i ei gruppe som nettopp skulle sjå på Framstegspartiet sin landbrukspolitikk. Bondelaget ville ikkje vere med

Frank Willy Djuvik (Frp)

Vil ikkje rasere

Han la til at han også ser at inntektsutviklinga til bøndene er ikkje bra i det heile tatt, og fleire og fleire er nøydde til å ha ein jobb i tillegg til det å vere bonde.

– Det betyr at vi er nøydde til å gjere noko med norsk landbrukspolitikk. Den har ikkje blitt fornya verken med KrF eller Senterpartiet i regjering. Det er heilt åpenbart at vi treng ein ny landbrukspolitikk. Vi står for ei ny retning og vi inviterar gjerne bondelaget inn atter ein gong og håpar dei seier ja denne gongen, og så skal dei få ein kalkulator som virkar, lova Djuvik.

– Men bøndene er livredde for den politikken de seier at Frp vil føre, dei seier at det vil rasere spesielt vestlandslandbruket?

– Det er sjølvsagt ikkje rett. Framstegspartiet går ikkje til val på å rasere noko som helst, men vi ønskjer å ha ei fornying av norsk landbruk. Landbruket har jo i seg sjølv fornya seg veldig mykje. Samstundes har ein så mykje reguleringar, statleg og offentleg styring av landbruket, at det er ikkje bøndene som har henta inn den effektiviseringsgevinsten dei siste tjue åra. Det er det staten sjølv, forbrukarane og kjedane som har henta inn. Det er klart at vi er nøydde å få ein ny landbrukspolitikk, det meiner Framstegspartiet at vi skal få til.

Framstegspartiet går ikkje til val på å rasere noko som helst, men vi ønskjer å ha ei fornying av norsk landbruk

Frank Willy Djuvik (Frp)

Midlar til omorganisering

– Bondelaget har rekna ut at dykkar politikk vil bety ein kutt i landbruksstøtta på 6,6 milliardar kroner. Korleis forventar du då at landbruksfylket Sogn og Fjordane skal ta imot ein slik bodskap?

– Jo, men no er det og slik at vi såg veldig nøye på den rapporten frå bondelaget og det var ei rekkje ting dei ikkje hadde rekna inn med Framstegspartiet sine positive effektar for landbruket. For det er ikkje berre slik at vi foreslår kutt i landbrukssubsidiane, vi foreslår og ein god del midlar knytt til omorganisering.

– Men de foreslår kutt?

– Ja, vi foreslår kutt i dei direkte landbruksoverføringane, men det er fordi Framstegspartiet ønskjer ei utvikling i landbruket der ein snur inntektene til bøndene frå å vere mykje offentlege subsidiar og lite inntekt på det dei produserar og sel, til nettopp å gå motsatt. Dei skal tene pengar på den maten dei produserer, og vere mindre avhengig av offentleg og politisk innblanding.

– Men bondelaget seier jo at det er farleg for landbruket?

– Det har jo bondelaget alltid sagt, men slik har det vore innanfor ei rekkje sektorar i Norge. Blant anna var jo fiskeri overregulert og subsidiert tidlegare. Så gjorde ein store omveltningar, og det synte seg at det gjekk bra.

Dei skal tene pengar på den maten dei produserer, og vere mindre avhengig av offentleg og politisk innblanding

Frank Willy Djuvik (Frp)

Kan miste mandatet

Men om ei lova omvelting av landbrukspolitikken er nok til å halde på det mandatet Framstegspartiet har hatt dei fire siste åra er høgst usikkert. Meiningsmålingane har ikkje peika deira veg i Sogn og Fjordane no før valet.

– Vi har tredjemandatet i dag og det er det vi framleis kjempar for å halde på. Meiningsmålingane sprikar veldig mykje, hadde eg ikkje trudd på at vi er med i kampen så hadde eg heller ikkje brukt både dagar og netter no i valkampen for å få dei røystene som skal til.

– Men kvifor ligg Frp dårleg an på meiningsmålingane?

– Det er vanskeleg å seie. Det er klart at vi i Framstegspartiet har kome litt i skuggen av Høgre og denne store statsministerkampen. Det som er viktig å hugse på er jo at dette er jo ikkje eit regjerings- eller statsministerval. Det er eit stortingsval, der det handlar om kor store partia skal bli på Stortinget. Vi vonar at velgjarane ser det den dagen dei skal gå og røyste.