Etter Odd-Bjørn Hjelmeset er Roger Aa Djupvik den fremste herreløparen i Sogn og Fjordane. Han vart plutseleg dårleg etter ei hard treningsøkt, og vart send med ambulanse til sjukehuset i Førde der han vart liggjande nokre dagar.
– Ein støkk
– Ei vond oppleving, seier langrennsutøvaren, som naturleg nok frykta for hjartesvikt, slik Ståle Solbakken og andre toppidrettsutøvarar har opplevd.
– Ein fryktar gjerne det verste, men no er det godt å ha fått avkrefta at det var noko med hjartet og ha fått sjekka seg grundig. Men ein får seg ein støkk, seier Djupvik, som etter ei slik oppleving stiller spørsmål ved om det han driv med er sunt.
Inga forklaring
Legane i Førde fann inga årsak til kollapsen – alle prøver var fine, og Djupvik er no i full gang med treninga etter same opplegget som før sjukehusopphaldet.