Hopp til innhold

Djupvik vart nummer åtte i sesongopninga

Roger Aa Djupvik frå Hyen vart nummer åtte på 15 kilometer i sesongopninga i langrenn på Beitostølen i dag.

Roger Aa Djupvik på start

VURDERER: Roger Aa Djupvik ser ikkje vekk ifrå at den kommande sesongen blir den siste på toppnivå.

Foto: Rune Fossum / NRK

Martin Johnsrud Sundby vannløpet, Eldar Rønning kom på andreplass og Chris

Jespersen tok tredjeplassen. Petter Northug jr. kom i mål på 61. plass.

Hyaren står framleis med sjuandeplassen i verdscupen i Cogne som beste resultat i karrieren. Han har også ein femteplass på 15-kilometer klassisk i NM 2008 – og i 2012 tok han andreplassen i Birkebeinerrennet.

Stiller til start også laurdag

Også denne sesongen går Djupvik for Lillehammer og Team Coop. Dei store måla denne sesongen er Birkebeinerrennet, Jizerská Padesátka i Tsjekkia og finalerennet i Åre. Han håpar å få med seg alle seks løpa i Ski Classics.

Djupvik har vore plaga av sjukdom, og førre sesong var så sjukdomsprega at det gjekk utover motivasjonen.

– Eg vil ikkje ha mange slike sesongar. Det var veldig kjedeleg. Eg var ikkje sikker på om eg skulle ta ein sesong til. Samstundes er det jo kjedeleg å gi seg etter ein slik sesong, seier 32-åringen til NRK.no.