Hopp til innhold

Djupvik vil bruke meir tid på familien og legg opp - no vurderer han trenarjobb

Roger Aa Djupvik frå Hyen har bestemt seg for å leggje opp som skiløpar. Men han ser ikkje bort frå at han held fram i skisirkuset – men då som trenar.

Roger Aa Djupvik og sonen Markus (2,5) i barnehagen

MYKJE TID: Roger Aa Djupvik blir tobarnsfar i september, og ser fram til å bruke meir tid på familien, her med sonen Markus.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det er veldig spesielt, det må eg innrømme. Det er ei avgjerd som eg har brukt ganske lang tid på, både etter sesongen i år, men tanken streifa meg også før i år, seier Djupvik.

33-åringen har drive med langrenn omtrent så lenge han kan hugse. Hyaren har dei siste åra budd på Lillehammer, og dei siste sesongane har han satsa på langløp -sjølve maratondistansane innan langrenn.

Fleire faktorar spelte inn

Men sjukdom har øydelagt fleire sesongar for hyaren. Ikkje minst fekk småbarnspappaen merke kva barnehagebassilluskar kan gjere med ein toppidrettskropp. Første året sonen gjekk i barnehagen var han forfølgd av sjukdom.

Han innrømmer at dagen i dag er noko vemodig.

– Når ein kjem til den dagen som ein bestemmer seg, så er det spesielt, seier Djupvik.

Han legg til at det var fleire faktorar som spelte inn då avgjerda vart teken.
Ikkje minst tid med familien vog tungt. I september kjem barn nummer to, og når det vart snakk om kva ein ønskjer å bruke tid på, var valet til slutt ikkje så vanskeleg.

– Eg har heile tida sagt at eg vil vere dønn ærleg med meg sjølv på om eg er klar til å leggje ned den treningsjobben som krevst for å oppnå dei resultata eg har som mål. Eg har funne ut at motivasjonen ikkje er heilt på topp, samt at eg er i ein familiesituasjon og eg har lyst til å ha meir tid med dei, seier Djupvik.

Ser på moglegheitene

Kva han skal til med no, er han ikkje heilt sikker på. Men han har følarane ute og er i ein prosess med tanke på jobb.

– Det er fleire moglegheiter, så eg driv og vurderer. For første gong på mange år skal eg faktisk ha ein skikkeleg ferie, og det ser eg veldig fram til. Eg kan mest ikkje hugse at eg har hatt det i det heile, seier Djupvik.

Heilt utenkjeleg er det heller ikkje at han går i storebror Morten sine trenarfotspor, og brukar kompetansen han har bygd seg opp over år, til å gjere andre kommande langrennsstjerner gode.

– Det er ei av moglegheitene som eg ser på. Men eg må bruke litt meir tid på å sjå på kva eg har lyst til og kva moglegheiter som dukkar opp, seier Djupvik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Roger Aa Djupvik

ÆRLEG:- Eg har heile tida sagt at eg skal vere ærleg på meg sjølv på om eg orkar å leggje ned den treningsmengda som trengst for å nå dei resultata eg vil ha, seier Djupvik, her frå NM på Voss 2012.

Foto: Rune Fossum / NRK

Har vore del av fantastisk miljø

Han legg ikkje skjul på at minna frå åra i idretten er mange, og det er mange fine ting å sjå tilbake på.

– Det har vore vanvitig mange fine opplevingar, både opp- og nedturar også. Men det er mange gode minne, og ikkje minst det å vere del av eit fantastisk godt miljø, seier Djupvik.

Hyaren står framleis med sjuandeplassen i verdscupen i Cogne som beste resultat i karrieren. Han har også ein femteplass på 15-kilometer klassisk i NM 2008 – og i 2012 tok han andreplassen i Birkebeinerrennet.

– Eg er kanskje mest stolt av andreplassen i Birkebeinerrennet. Det var ein dag der eg kjende meg utruleg bra, og eg trudde eg skulle vinne. Sjølv om eg vart nummer to, var det på ein måte ein siger for meg, seier Djupvik.

Han trekkjer også fram mange startar i verdscupen som høgdepunkt.

– Det å ha hatt gleda av å ha fått drive på så lenge, set eg utruleg stor pris på, seier Djupvik.

Tenkjer tanken på å komme heim

Han er gift med ei gloppe-jente, og ser ikkje bort frå at det er opning for ein retur til Gloppen for den vesle familien, no når skia vert lagde på hylla.

– Vi har for så vidt alltid tenkt at vi skal flytte vestover ein gong. Vi har budd lenge på Lillehammer, men er vel i ein fase der vi ikkje heilt veit kor vi ender, seier Djupvik.

Men noko flytting heim med det aller første, avviser han.

– Vi blir nok buande på Lillehammer nokre år til, det trur eg. Men vi har familie i Gloppen begge to, så vi kjenner på at det dreg oss i den retning. Vi ser ikkje vekk frå noko ingenting, seier Djupvik.