- Dahl burde fått til ein betre ballanse mellom dei ulike kulturområda. Det ser ut til at han har hatt for frie tøyler og at tilgjengelege forfattarar har vore avgjerande for opplegget av dei atten einskildbinda, seier Arnestad.
Han peikar på at fem av dei 18 binda handlar om biletkunst, medan ingen av binda tek for seg kulturpolitikken i distrikta - trass i at kommunane og fylka rår over fleire kulturkroner det enn det staten gjer.
Mange historiske bind med Oslo-perspektiv. NRK-foto.
Spenningstema
- Forholdet mellom staten og regionane har vore eit spenningstema i kulturpolitikken i heile førre hundreåret, og burde difor vore spegla i det som skal vera den kulturpolitiske historia, seier Arnestad.
Avviser kritikken
Hans Fredrik Dahl forstår ikkje kritikken. Han skuldar på forskingsrådet dersom noko er skeivt ved verket.
Hans Fredrik Dahl blir kritisert for nytt historieverk. Foto Klaus Sandvik NRK.
Med bakgrunn i dei 18 binda og anna forsking skal Dahl skrive eit oppsummeringsbind om den norske kulturpolitiske historia. Han seier vektinga mellom Oslo og distrikta blir jamnare når boka kjem ut om eit år.
- Eg trur ikkje det er noka usemje om kva som høyrer heime i den boka, meiner Dahl.
Det blir meir om denne saka i Kulturnytt på NRK 1 klokka 23.10 i kveld, tysdag 22. februar.