NRK Meny
Normal

Distribuerte dop gjennom Internett

Passordbeskytta web-forum var ein sentral omsetnadskanal for hovudmennene i den store dopingsaka Sogn og Fjordane politidistrikt har rulla opp.

Pressekonferanse på Sunnfjord hotell

Politiet presenterte onsdag opprullinga av den landsomfattande dopingringen. Dei meiner det skal vere omsett anabole steroid for 3,5 millionar kroner og narkotika for mellom 500 000 og ein million kroner.

- Det er brukt internett. Eigne web-forum der ein kan bestille lovlege varer, men ved hjelp av passord gå bakvegen og bestille ulovlege varer, seier etterforskingsleiar Gunnar Englund.

- Ufarleggjorde dop

Under opprullinga skal dei ha mellom anna ha overvaka SMS, mobiltelefon, internett og epost. Politiet meiner at måten internett har vore brukt på har ufarleggjort dopet.

- Eit sekund kan du bestille deg bukse eller skjorte. I neste sekund kan du klikke deg inn og bestille anabole steroid, seier han. I alt vart 63 personar i alderen 17 til 40 år pågripne og narkotika til ein gateverdi på 55 millionar kroner, anabole steroid til mellom ein og tre millionar kroner og 470 000 kroner i kontantar beslaglagt. 63 personar er pågripne og det er oppretta 200 straffesaker.

Selde dop i soningskø

Ein av hovudpersonane, ein 24-åring frå Førde, sat i soningskø då han distribuerte dop frå guterommet sitt. Politet overvåka mannen i over eitt år før dei gjekk til aksjon. Mannen sa etter pågripinga til NRK Sogn og Fjordane at politiet berre ville på kartet og kunne stogga saka tidlegare .

Opprullinga byrja etter ein periode med mykje vald og fleire innleggingar på psykiatrisk klinikk. At den til slutt skulle bli så omfattande, overraska politiet.

Mykje våpen

Englund fortalde under pressekonferansen om valdelege innkrevjingar i miljøet. Ein av dei involverte vart i august i fjor dømd for trugslar med batong . Ein av etterforskarane i saka vart også truga med å bli fjerna av ein torpedo .

I tillegg til doping, narkotika og kontantar, gjorde politiet beslag i fleire våpen i Sunnfjord og Bergen.

SJÅ BILETA HER

For lite fokus

Englund trur ikkje at opprullinga har sett ein effektiv stoggar for innføring og omsetnad av dopingmidlar.

- Så lenge det er pengar å tjene på det her, så er det alltid folk som er villig til å ta risikoen, seier han. Politimeister Johan Brekke seier at politiet har hatt for lite fokus på omsetnad av dopingmidlar.

- Det kan vere fordi bruk ikkje er straffbart. Ut i frå det vi no har sett vil vi ha fokus på bakmenn og doping i framtida, seier han.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå