NRK Meny
Normal

Distad vert ordførar i Aurland

Høgre er valvinnaren i Aurland også. No satsar Noralv Distad på å ta over vervet.

Noralv Distad og Bjørn Lødemel

NY ORDFØRAR: Noralv Distad (t.v.) vil samarbeide med Ap for å verte ordførar i Aurland. Til høgre stortingsrepresentant Bjørn Lødemel.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Valresultatet peikar heilt klart ut Høgre som ordførar. Eg er klar til å ta over, seier Noralv Distad til Sogn Avis.

Auke på eitt mandat

Til avisa seier Distad at resultatet er betre enn det han hadde håpa på. Dagens val gir Høgre fem mandat i det nye kommunestyret. Det er ein auke på eitt mandat. Distad og Høgre fekk 29,3 prosent av røystene. Dette er ein framgang på 7,8 prosent.

H og Ap samarbeider

Den store taparen er Senterpartiet som fekk ein tilbakegang på 14,5 prosent og dermed mister to mandat i kommunestyret.

Til Sogn Avis seier Distad at han ser det som naturleg at Høgre og Ap samarbeider.

Resultatet frå kommunevalet i Aurland

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser