NRK Meny
Normal

Distad toppar Høgre-lista

Noralv Distad toppar Høgre si liste til fylkestingsvalet neste haust. Det er klart etter møte i partiet sitt fylkesnominasjonsmøte.

Noralv Distad

LISTETOPP: Noralv Distad er Høgre sin listetopp i det komande fylkestingsvalet hausten 2015.

Foto: pressefoto, Høgre

Under Sogn og Fjordane Høgre sin haustkonferanse i Balestrand laurdag vart det også halde fylkesnominasjonsmøte.

Noralv Distad, ordførar i Aurland toppar lista, slik han også gjorde i framlegget frå nominasjonsnemnda. Også dei neste plassane på lista følgde komiteen si innstilling, med Anne K. Lilleaasen frå Gaular og Bjørn Hollevik frå Flora, på dei neste plassane.

Ifølgje ei pressemelding frå partiet vart det votering om 2.-plassen, der Lilleaasen fekk 28 røyster og Sonja Øvre-Flo frå Stryn fekk 17. På 4.-plassen røysta ein mellom Sonja Øvre-Flo, som fekk 41 røyster og Lise-May Sæle frå Balestrand, som fekk fire.

Også Solund-ordførar Ole Gunnar Krakhellen sin femteplass vart det kamp om, der han stakk av med sigeren med 32 røyster, medan Tore Fossen frå Førde fekk 13.

Det var også voteringar om sjette- og niandeplass på lista, mellom Tore Fossen (24 røyster) og Lise-May Sæle (22), og Liv Stave (32) frå Selje og Einar Vatlestad (14) frå Sogndal.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast