Hopp til innhold

Disney-suksess skal gi klingande mynt på Vestlandet

Amerikanske familiar vil gjerne sjå landet animasjonsfilmen «Frost» har henta inspirasjon frå. Til sommaren tilbyr Disney eigne cruisereiser til Vestlandet.

Stillbilde fra Disney-filmen FROZEN, bryggen i Bergen

NORSK-INSPIRERT: Disney-suksessen «Frost» har i seg mange motiv frå Vestlandet og Nord-Norge, som her: Bryggen i Bergen. No skal amerikanarane få sjå kulissane.

Foto: Disney

Asle Espe og fjordhesten Sølvi

STÅR KLAR: Fjordhesthoppa Sølvi og Asle Espe ventar amerikanske cruisegjester til gards på fjordhestsenteret på Nordfjordeid.

I Nordfjord står ei grå fjordhesthoppe, og anar lite om at ho kan bli ein verdskjent attraksjon.

– Denne blir ein grei attraksjon, konkluderer Asle Espe ved Norsk Fjordhestsenter i det han stolt viser fram den firbeinte som ber namnet Sølvi.

Ho har rosa grime på seg. Litt Hollywood-glamour sømer seg i kvardagen, no som Disney for første gong lanserer eigne cruisereiser – der Sølvi blir ein av attraksjonane.

Milliard-suksess

Tungt marknadsført med video på nettstaden Youtube spinn Disney-konsernet vidare på ein av deira største filmsuksessar.

Animasjonsfilmen «Frost», eller «Frozen», er på femteplass over tidenes mest lønsame filmar. Filmen har spelt inn 1,3 milliardar dollar. Den er inspirert av norsk natur, og har ein vaskeekte fjordhest i ei av rollene. Til sommaren kjem Disney sin eigen cruisebåt til mellom anna Olden i Nordfjord.

Frå før har reiseliv over heile landet rapportert om auka etterspurnad frå utlandet som følgje av animasjonsfilmen frå 2013.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Stillbilde fra Disney-filmen Frozen: Isfjord

ISFJORD: Animasjonsfilmen «Frost» er basert på danske H.C. Andersens «Snødronningen», men det er norske fjordlandskap, slott inspirert av Akershus festning, norskklingande namn og kulturdetaljar som stavkyrkjer, rosemåling og reinsdyr som dominerer.

Foto: daram

Lokkar med nyfødde føl til sommaren

– Det var vel denne det var bilete av på nettsida til Disney. Det er ei vi har dulla litt med, fortel Espe.

Fjordhesten og Disney er ei lita brikke i eit stort reiselivsapparat på Vestlandet som ventar i spenning på effekten av filmen.

Ingen veit sikkert før cruiseskipet «Disney Magic» kjem til sommaren, om kor mange som faktisk går i land, og kva dei vil sjå.

Asle Espe er i alle fall spent på om fjordhestsenteret blir litt Disneyland til sommaren, då passar det godt at hoppa Sølvi ventar føl.

– Det kan hende det blir ein viktig for å stå på framover, seier den daglege leiaren ved Norsk Fjordhestsenter.

Frozen

EVENTYR: «Frost» handlar, som H.C. Andersen sitt eventyr som dronninga som ved eit uhell påfører landet sitt evig vinter. Søstera Anna tek saka i eigne hender for å få årstidene tilbake.

Foto: mgortz / Ap