Hopp til innhold

Nordfjord som turistmål skal promoterast av animasjonsfilm frå Disney

Når den store animasjonsfilmen «Frozen» kjem på kinoane får publikum Nordfjord-reklame med på kjøpet.

Lovatnet frå Brengsetra

NORDFJORDIDYLL: Her ved Lovatnet vart det gjort opptak til filmsnuttane som skal promotere Fjord-Norge.

Foto: Olav Jakob Tveit

Innovasjon Norge har inngått samarbeid med Disney-konsernet. I samband med promotering av filmen vil det bli vist filmsnuttar frå aktivitetar i Norge, mellom anna frå Nordfjord.

Marknadssjef Beate Vik Hauge i Reisemål Stryn & Nordfjord seier dette vil opne nye dører for reiselivet her i landet.

– Dette er eit vendepunkt i måten vi marknadsfører distriktet vårt på. At ein slik filmgigant løfter fram vårt distrikt på denne måten er både unikt og innovativt. Vi trur det vil påverke interessa for Norge som reisemål.

Beate Vik Hauge

- EIT VENDEPUNKT: Marknadssjef Beate Vik Hauge i Reisemål Stryn & Nordfjord.

Foto: privat

Filma i Lodalen og Briksdalen

Ho fortel at ho vart kontakta i mai, og folk frå Disney har vore i Nordfjord tre gonger i sommar.

– Siste gongen dei var her vart det filma i Lodalen og i Briksdalen. Men eg har ikkje fått sett resultatet enno.

«Frozen» er ein animasjonsfilm med figurar med norskklingande namn, som snømannen Olaf, reinsdyret Svenn og hovudkarakterane Anna og Elsa.

Dei som ser filmen får med seg stavkyrkjer, troll, nordlys, bunader og samisk joik.

Her er ein smakebit frå "Frozen" .

Turar til Norge alt i 2014

Disney har ein gong tidlegare inngått ein liknande samarbeidsavtale som no blir norsk reiseliv til del. Det var i samband med filmen «Brave», då skotsk reiseliv fekk god drahjelp.

Alt i 2014 vil det bli åtte turar i regi av « Adventures by Disney » til Norge, kvar tur med 45 personar. I tillegg til Briksdalen og Lodalen skal deltakarane også til Undredal og Borgund stavkyrkje i Lærdal.