Hopp til innhold

Barka i hop i Statoil-debatt - heldt fram diskusjonen lenge etterpå

Jenny Følling frå Senterpartiet og Frank Willy Djuvik frå Frp debatterte Statoil si flytting av forsyning frå Florø til Mongstad så fillene fauk i ettermiddagssendinga.

Følling og Djuvik

ULIKE SYNSPUNKT: Jenny Følling (Sp) og Frank Willy Djuvik (Frp) er langt frå samde i sine meiningar om

Foto: Oddleif Løset / NRK

Debatten kan du høyre i sin heilskap her:

Etter at debatten var slutt i studio, var dei to politiske motstandarane så godt i gang at dei heldt det gåande i 20 minutt og vel så det.

Bakgrunnen for debatten i NRK si ettermiddagssending onsdag er at Statoil flytter forsyninga til ei rekkje oljeplattformer frå Florø til Mongstad. Dette vil få store ringverknader for bedrifter utanfor sjølve basemiljøet som er avhengige av forsyningsdrifta.

Eit samla politisk miljø har meint at nedbygginga bryt med konsesjonsvilkåra til Statoil.

Meiner det har vore stilt krav

Men Olje- og energidepartementet vil ikkje overprøve Statoil si nedbygging av oljebasen i Florø.

– Departementet har ikkje identifisert forhold som gjer at Statoils avgjerd krev involvering frå styresmaktene si side, skreiv departementet til NRK.no for to dagar sidan.

Jenny Følling (Sp), varafylkesordførar i Sogn og Fjordane, er lite nøgd med situasjonen.

– I den tida som er gått, er det bygd opp aktivitet ved basen i Florø. Det er det også gjort ved basane langs Vestlands-kysten. Det er fordi vi har hatt ei regjering som har sett krav, seier Følling.

Ho peikar på at det har vorte sett krav til at selskap som byggjer ut naturressursar, skal etablere arbeidsplassar i distrikta.

– Kva krav er det ein snakkar om?

– Stortinget set konsesjonskrav. Regjeringa har forventningar til kva arbeidsplassar som skal etablerast. Det var ikkje enkelt å framforhandle Gjøa-avtalen, som sikra oljebasen i Florø røyrlager. Då rasla Karl I. Hagen med sablane og snakka om riksrett, seier Følling.

Må takast grep

Ho peikar på at det å ta grep og vere tydeleg overfor dei selskapa som får konsesjon og som skal ha konsesjon i framtida, vert avgjerande.

– Men er du samd i at Statoil ikkje bryt konsesjonsvilkåra, reint juridisk?

– Reint juridisk har nok departementet landa på at dei ikkje gjer det. Men det er eit stykke derifrå å diskutere kva slags funksjonar og arbeidsplassar som skal liggje i Florø og på dei andre basane, seier Følling.

Frank Willy Djuvik i Framstegspartiet meiner derimot at korkje regjeringa eller departementet skal blande seg borti Statoil, når dei ikkje bryt konsesjonsvilkåra.

– Dei kan ikkje gjere det. Konsesjonsvilkåra er ferda ut av Stortinget. Regjeringa er sett til å handheve dei. Skal ein stille ytterlegare krav til Statoil, så er det Stortinget som må stille dei, seier Djuvik.

Må drive effektivt og i tråd med miljøet

– Så Stortinget sine politiske føringar, samrøystes komitemerknader og debattar i Stortinget, betyr ingenting?

– Jau, dei tel. Og det er nettopp det som er saka. Det Statoil gjer, er at dei flyttar aktivitetar frå andre basar, deriblant røyr, til Florø. Så er dei politiske føringane at vi skal ha vekst og utvikling, ikkje berre i Florø, seier Djuvik.

Han legg til at det også skal skje på dei andre basane på Vestlandet.

– Eit samrøystes Storting har stilt krav til Statoil om at dei skal drive mest mogleg effektivt og i tråd med miljøet, så Statoil har gjennomført ein spesialiseringsprosess. Statoil hevdar no at den reduserte aktiviteten på forsyning, vert vegen opp med andre delar av ny aktivitet, seier Djuvik.

Han meiner det ein må kjempe for, er at dei bedriftene som har bygd seg opp på forsyning, får vidare aktivitet.

– Det betyr ikkje at det vedtaket som Statoil no har gjort, byggjer ned aktiviteten på basen, seier Djuvik.

Høyr debatten i sin heilskap i lydklippet i saka.