Hopp til innhold

Diskuterte framtida til skulane

Tysdag sendte vi frå debatten om dei 14 vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane.

Paneldebatt på Sandane

NY DEBATT: Gro Ravnestad leia debatten, denne gongen frå Trivselshagen på Sandane.

Eit internt høyringsnotat som NRK.no har fått tilgang til, syner at Fylkesdirektøren for opplæring meiner at fylkeskommunen må leggje ned frå ein til fire vidaregåande skular i Sogn og Fjordane.

Elevtalet vil gå dramatisk nedover

I ettermiddag tok vi diskusjonen i ein direktesendt paneldebatt frå Firda vidaregåande skule.

Bakgrunnen for debatten er at elevtalet vil gå dramatisk nedover dei neste åra, samstundes som fylkeskommunen skal spare pengar.

Desse tok diskusjonen

NRK Sogn og Fjordane hadde invitert dei som har ansvar for den vidaregåande skulen til debatt.

  • Frank Willy Djuvik, fylkesleiar i FrP.
  • Anders Ryssdal, ordførar i Gloppen og Sp-kandidat til fylkestinget.
  • Norvall Nøringset, SV-kandidat til fylkestinget.
  • Olin Johanne Henden, Høgre-kandidat til fylkestinget.
  • Arve Helle, Ap-ordførar i Fjaler.

Debattleiar var Gro Ravnestad.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.