Hopp til innhold

Dirigenten må halde takta for å rekke fem konsertar på ein dag

Jason Burn har ein særdeles travel første søndag i advent. Han skal nemleg rekke over å dirigere fem konsertar. Og han diggar det!

Jason Burn dirigerer fem konsertar den første søndagen i advent. Og han diggar det!

Foto/Redigering: Tone Lin Støfring Skovro

– Ser du ikkje gleda og smila som lyser av ungane? Det er jo det som er verdt all innsats, fortel den energiske og munnrappe Jason Burn med sin engelske aksent.

Gjennom Kulturskulen dirigerer han fleire korps, og denne første søndagen i advent hadde Burn eit program som krev sin mann for å harmonere med klokka og oppmøtetid på alle konsertane.

Hektisk og travelt

For på programmet stod konsert både i Naustdal, Bygstad, Lavik, Vassenden og Hyllestad denne første søndagen i advent. Omtrent 150 musikantar får oppleve den taktfaste og energiske dirigenten.

(Saka held fram under bilete)

Naustdal skulemusikk

NAUSTDAL SKULEMUSIKK: Jason Burn starta dagen med å dirigere då julegrana i Naustdal skulle tennast.

Foto: Ludvik Slettehaug

Den travle søndagen starta i Naustdal med julegrantenning. Korpset i Naustdal er ikkje av dei største, og har lenge slite med rekrutteringa. Men no har ni jenter vore stabilt mannskap i nokre år.

Hestetur i advent

HESTETUR I ADVENT: Anna Slettehaug fekk ein tur på hesteryggen første søndag i advent.

Foto: Ludvik Slettehaug

Leiar i Naustdal skulemusikk, Ludvik Slettehaug, seier engasjementet til Burn er viktig.

– Jason gjer ein kjempeinnsats. Han er ein artig type. No håpar vi berre på at vi klarer å rekruttere inn litt gutar, humrar Slettehaug.

Konserten varte frå 1230-13.00 og det var bollar og kakao etter julegrana var tent.

– Når dei var ferdige var det berre så vidt han rakk å seie "ha det" før han måtte hive seg vidare, seier ein lattermild Slettehaug.

Vassenden neste

Då skulle dirigenten vidare til Vassenden og Borgja på Ålhus der det var skipa til årviss Julemesse.

Her sat hovudkopset allereie klare på scena då dirigent Jason Burn i ein fæla fart parkerte framfor inngangsdøra og halvjogga inn i konsertsalen med noteveska over skuldra, og eit instrument i armen.

– Ja, det er litt travelt. Men det er veldig kjekt, seier Burn før han går mot plassen sin på scena.

(Saka held fram under bilete)

Vassenden Skulemusikk

VASSENDEN SKULEMUSIKK: Første søndag i advent er fast tidspunt for den årlege Julemessa til Vassenden skulemusikk, i år med Jason Burn som dirigent – og humørspreiar.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Kultursjokk i Vadheim

Den munnrappe engelskmannen fortel undervegs i konserten korleis han kom til Norge. Han vart eigentleg lurt av ein kompis.

– Det var ein kompis som lova meg jobb i Stavanger. Eg tenkte det var flott og reiste dit, men då var jobben tatt av ein annan. Kompisen min sa; Kva med å reise til den flottaste staden i Norge? Jo, det ville eg. Eg kom til Høyanger!

Det vekte stor latter frå den fullsette salen med nærmare 300 jølstringar.

Han fortel også om korleis det var å flytte frå den åttande største byen i USA, San Diego i California, til Vadheim.

– Det var eit lite kultursjokk kan du seie.

(Saka held fram under bilete)

Vassenden skulemusikk

MUSIKANTAR: Vassenden skulemusikk har om lag 30 musikantar i korpset og like mange aspirantar.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Brenn for musikken

For Burn er musikken ein lidenskap, og kvar dag heile veka øver han eit korps med ulike musikantar.

– Det eg gjer handlar om ungane og foreldra når eg dirigerer dei, det er difor eg gjer dette. Eg likar jobben min, det er det ikkje alle som gjer. Så eg er heldig.

Kvifor brenn du sånn for å dirigere?

– Det handlar om musikk. Kva ville livet vore utan musikk? Det er det same som ein kokk gjer. Han kan ta ei rå grønsak og lage det om til ein fantastisk rett.

– Nokon dagar er hektiske. Life is ok! Eg er ein stor fisk i ein liten dam. Eg får jobbe med det eg elskar mest.

Avsluttar roleg

Han vågar knapt å tenkje på kor mange mil han skal tilbakelegge første søndag i advent før han hiv seg ned i godstolen heime i Vadheim når det er sein kveld.

Då har han vore innom Gaular, Lavik og avsluttar kvelden med ei stemningsfull lysmesse i Hyllestad.

– Det er ein fin måte å avslutte kvelden på.

Maskot

KORPS I VEKST: Vassenden skulemusikk sin faste benkeslitar.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK