Hopp til innhold

Direktoratet håpar andre lærer av desse

Frå 2017 skal deltidsbrannpersonell ha utdanning. Det manglar i store delar av landet. Direktoratet håpar mange tar etter Sogn og Fjordane.

Kurs for deltidstilsette i brannvesenet i Sogn og Fjordane

MÅ HA UTDANNING: 15 år etter at vedtaket var gjort skal overgangsordninga for utdanning av deltidstilsette i brannvesenet ta slutt 01.01.2017.

Foto: Per Otto Selstad

– Vi er i ferd med å få utdanningsnivået på deltidspersonellet i fylket opp på eit godt nivå, seier Per Otto Selstad som er nestleiar for Norsk brannbefals landsforbund i Sogn og Fjordane.

Per Otto Selstad

KURSLEIAR: Per Otto Selstad har hatt ansvar for kursinga av deltidstilsette for Norsk brannbefals landsforbund i Sogn og Fjordane.

Foto: Bård Siem / NRK

Frå 2017 må deltidstilsette i brannvesenet ha utdanning. Alle konstablar skal ha ei grunnutdanning, medan dei som skal vere utrykkingsleiarar må ha gjennom ei utrykningsleiarutdanning.

Krava om utdanning kom som ein del av forskrifta om organisering og dimensjonering av brannvesenet i 2002. Då var planen at utdanningsnivået skulle hevast før 2007. Sidan då har overgangsperioden blitt utvida med ni år.

I Sogn og Fjordane fortel Selstad at ein har skaffa dei deltidstilsette utdanning gjennom eit pilotsamarbeid med Norges brannskole, med samlingsbaserte kurs på dagtid.

– Vi køyrde ei undersøking og fann ut at det var rundt 65 deltidstilsette som måtte ha utrykningsleiarutdanning. Så har vi hatt ein del kurs for utrykkingsleiarar og ein del grunnkurs.

Fritid

Opninga av eit kurs for deltidstilsette i brannvesenet på Skei

MIDT I: Norsk brannbefals landsforbund har samla deltidstilsette til kurs på Skei, om lag midt i Sogn og Fjordane.

Foto: Per Otto Selstad

Selstad trur ein av grunnane til at Norsk brannbefals landsforbund har lukkast med å skaffe mange av dei deltidstilsette utdanning, er at dei har køyrd samlingsbaserte kurs på dagtid.

– Hovudmåten å ha slike desentraliserte kurs på er gjennom kveldskurs. Eg trur grunnen til at vi har lukkast er at vi tar omsyn til at fritid er viktig for folk i dag, ved å ha kursa på dagtid.

– Godt eksempel

Hordaland, Møre og Romsdal, Troms og Nordland er dei fylka der behovet for utdanning er størst. Avdelingsdirektør for brann og redning hos Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Hans Kristian Madsen, seier dei kommunane som ikkje har utdanna deltidstilsette i brannvesenet må ta tak. Han meiner resten av landet har noko å lære av Sogn og Fjordane.

– Alle som har tatt eit tak for å sikre at dei deltidstilsette har den rette kompetansen er vi glade for. Der dei har gått saman og skapt gode ordningar, slik som i Sogn og Fjordane, er absolutt eksempel som bør følgast av andre.

Hans Kristian Madsen, DSB

SIKKERHEIT: Hans Kristian Madsen i DSB seier at utdanningskrava handlar om å gjere både innbyggarane og brannmannskap tryggare.

Foto: DSB

Forventar betring

Utdanninga for dei deltidstilsette skal gi eit betre brannvesen og beredskap, og auke sikkerheita for både innbyggarane og dei tilsette i kommunane. Difor meiner Madsen at det er viktig at kommunane no sørger for å skaffe dei deltidstilsette i brannvesenet utdanning.

– Det er eit kommunalt ansvar å ha eit brannvesen som lever opp til regelverket, og det forventar vi at kommunane no sørger for å skaffe seg. Det handlar om tryggleik, både for mannskap og for naudstilte.