Hopp til innhold

Direktør tok med seg ven for å tenne fyr på hotell

SOGN OG FJORDANE TINGRETT (NRK): Selje Hotel sleit med underskot, gjeld og ein direktør med speleproblem.

Tiltalte i Selje Hotel-saka

FLEIRE TIMAR MED LAUSSKJEGG OG PARYKK: Den tidlegare hotelldirektøren forklarte seg i dag om turen mellom Stockholm og Selje, der han sat fleire timar med parykk og lausskjegg.

Foto: Anders Furevik / NRK

Den tidlegare hotelldirektøren tok plass i vitneboksen og forklarte seg om pengar som gjekk frå hotellkassa og over i eiga lomme.

Mannen erkjende både millionsvindel og brannstifting då rettssaka mot dei tre brørne starta i Sogn og Fjordane tingrett på måndag. I fleire månader før brannen tenkte mannen på å setje fyr på hotellet.

I løpet av eitt marsdøgn i 2015 spelte han vekk 12.000 kroner av hotellet sine pengar på eit Casino. Tiltalte fortalde tysdag at han mista kontroll over spelgalskapen og fekk tidleg ein idé om å gjere noko for å få tilbake pengane.

– Høgare underskot, dårleg resultat og tapping av selskapet gjorde at det gjekk dårlegare og dårlegare. Han såg på det som ein av få vegar ut av det uføret han var i, seier statsadvokat Magne Nyborg.

Tiltalte erkjende at han nytta pengar frå Selje Hotel til å betale namngjevne personar han skulda pengar. Dette var pengar han brukte til internettspel.

Tiltalt seier han hadde med seg ein ven

Den tidlegare hotelleigaren har ikkje ville sagt kven han hadde med seg i bilen på veg mellom Stockholm og Selje for å rigge til brannen på hotellet.

Mannen forklarte i dag at dette er ein ven han har møtt i Sverige. Venen skal ha fått 20 000 kr for å bli med til Selje for å gjere noko kriminelt. Politiet meiner den andre personen i bilen er ein av brørne.

– Det er ei rekkje bevis som styrker at det har vore fleire om det. Vi har bevis på at det er to i bilen til Selje. Det meiner vi ikkje ein «Mr. X», men ein av dei andre brørne, seier statsadvokat Magne Nyborg.

Statsadvokat Magne Nyborg.

STATSADVOKAT: Under rettsaka mot dei tre tiltalte etter brannen ved Selje Hotell, brukte statsadvokat Magne Nyborg mykje tid på å knyte alle dei tre tiltalte til brannen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Mannen sin forsvarar har tidlegare sagt til NRK.no kvifor klienten ikkje ville sei noko om «Mr. X».

– Han har ikkje hatt noko behov for å greie ut om det. Han erkjenner sitt eige forhold og har ikkje forklaringsplikt utover det, seier forsvarar Per Kjetil Stautland.

Fleire timar i bil med lausskjegg og parykk

Slik parykk kjøpte den tiltalte daglege leiaren før brannen på Selje hotel.

BRUKTE PARYKK FOR Å SKJULE IDENTITET: Ein parykk av denne typen kjøpte den tiltalte for å skjule eigen identitet.

Foto: Politiet

Vidare forklarte den tidlegare hotelldirektøren at han tok på seg parykk og lausskjegg før han passerte riksgrensa. Dette tok han ikkje av seg før han var tilbake i Sverige.

På spørsmål frå aktor forklarar hotelldirektøren at han fekk bror sin, som var styreleiar, til å køyre han til butikken i Stockholm for å kjøpe parykk og lausbart. Til bror sin forklarte han at det var til borna som skulle i selskap.

Dei tre brørne hadde alle ulike roller på eigarsida og i drifta av hotellet. Berre han som var dagleg leiar har lagt korta på bordet og har tilstått. Dei to andre nektar straffskuld.