NRK Meny
Normal

Direkte: NM i terrengløp

Følg spenninga når nesten 150 terrengløparar skal kjempe om NM-gull i Vik. Vi sender løpa direkte i nett-TV.

Følg NM i terrengløp i Vik

FØLG LØPET: Vi sender direkte frå meisterskapen laurdag frå kl. 12.

Førdianarane Karoline Holsen Kyte og Marius Vedvik og jølstringane Eli Anne Dvergsdal og Eivind Øygard er alle kandidatar til å ta medaljar.

Deltakarane kjem frå 60 klubbar frå heile landet. Her finn ein kjende klubbar som Vidar, Tjalve, Gular, Norna-Salhus, Fana og Skjalg.

Frå Sogn og Fjordane kjem det løparar frå Breimsbygda, Fjærland IL, Florø TogIF, Førde IL, Gloppen FIL, Hardbagg IL, Jølster IL, Lærdal IL, IL Modig, Risnes IL og Syril. Her er oversikta over alle som skal delta.

Følg løpa direkte frå kl. 12. Sendinga blir produsert av ungdomsbedrifta Campus Media UB.

NM-løypa i Vik

NM I LANG LØYPE: Løypene er 4, 6 og 10 km.

Foto: nmvik2017
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.