Hopp til innhold

Det var ikkje denne typen plast dykkarane hadde venta å finne i fjæra

Dykkarane fekk tak i noko stort då dei gjekk i sjøen i Florø.

Dildo

SPESIELL FANGST: Det var ein heilt spesielt fangst dykkarane fekk då dei skulle fylle akvariet med dyr og plantar før Norge Nå-sendinga frå Florø.

Foto: Fredrik Myhre / WWF Verdens naturfond

På jakt etter fisk og planter, kom dykkarar over søppel i hamnebassenget i Florø, men noko stakk seg bokstaveleg talt ut.

– Det var noko heilt anna enn det vi var på jakt etter, seier marinbiolog og seniorrådgjevar i WWF Verdens naturfond, Fredrik Myhre.

Det var i går at TV-programmet Norge Nå skulle ha sending frå Florø, og barnehageborn var inviterte ned på kaia for å lære meir om dyrelivet i havet og utfordringa med plastbosl.

Då Myhre og kollegaene skulle fylle akvariet dei hadde sett opp på kaia med dyr og plantar, hoppa dei i sjøen like ved kaikanten.

DIREKTE: Følg sendinga frå "Heile Noreg ryddar"

Blir ikkje lenger overraska

– Det var bra at borna ikkje var komne til på kaia då vi drog denne i land, fortel Myhre, som seier at det ikkje er første gong sexleiketøy blir funne i sjøen.

Myhre, som jobbar som marinbiolog, seier han ikkje vert overraska over kva han finn i sjøen lenger.

– Eg ser nesten bos i kvart einaste dykk eg gjer, spesielt i område som er nært der folk bur, fortel han, og ramsar opp kva han har komme over.

– Det er vaskemaskiner, laserpistol frå Utrykkingspolitiet, bilar og mykje plast. Det er ikkje lenger grenser for kva vi finn, seier han.

Vil halde fram kampen

Han meiner løysinga er enkel og at vi må ta tak medan vi framleis vi kan.

– Det aller viktigaste er å hindre ny plast i å hamne i sjøen. Det er heilt naudsynt å forby all den unødvendige eingongsplasten samfunnet bruker i dag. Det finst allereie fullgode alternativ til denne plasten, seier Myhre, og peikar på bananblad og bambus som gode alternativ.

Myhre seier han likevel vil halde fram kampen for eit reinare hav.

– Eg blir jo lei meg når eg ser alt boseti sjøen. Det er til å bli forbanna av. Men ein vert også motivert til å stanse forsøplinga av havet, fortvilar han.

Send oss bilete frå din ryddeaksjon!