Hopp til innhold

Diktstafetten pågår framleis, men klarar dei å lage Norges lengste dikt?

Planen deira er å setje diktrekord, men no begynner det å haste for diktstafetten.

Synnøve Herstad og Bengt Solheim-Olsen

DIKTAR: Synnøve Herstad og Bengt Solheim-Olsen (t.h.), her under eit arrangement i Ausevika i sommar. Ordføraren har også kome med eit vers til diktet.

Foto: Privat

– Visjonen vår er jo å lage Norges lengste dikt, seier Synnøve Herstad i Ausevikas Venner. Sidan september har stafettpinnen gått rundt til skriveglade folk i fylket.

Sogn og Fjordane skrivarlag fekk med seg Ausevikas vener på diktstafetten.

Er det langt nok?

Til no kan Herstad telje 39 strofer. Men er det nok til å bli Norges lengste dikt?

– Nei, dei er ikkje sikre enda. Det kan eg slå fast, seier Idar Stegane, Professor i nordisk språk og litteratur ved Universitetet i Bergen.

For før ein kan begynne å vurdere om diktet kan bli det lengste, må ein finne ut og definere kva som er Norges lengste dikt i dag.

Stegane har ikkje noko klart svar på det.

– Vi har jo« Håvamål» som består av 164 strofer. Eller så har ein «Terje Vigen» av Henrik Ibsen som også er langt. Av nyare dato har Øyvind Rimbereid skrive fleire langdikt, som «Solaris Korrigert» og «Jimmen» seier Stegane.

Han meiner ein må finne ut om den norske litteraturen skal starte med nedskrivne norske dikt frå 1814, eller om ein skal rekne med norrøn litteratur og den dansk-norske litteraturen.

Ein fin hyllest

Mykje tyder på at diktet til Sogn og Fjordane skrivarlag har nokre vers att før dei er i mål.

– Når eg les diktet så langt, så ser eg at det har blitt ein fin hyllest til helleristningane i Ausevik, seier Herstad. Det ferdige produktet skal bli presentert under eit solfest-arrangement i Ausevika i februar.

– Vi sa at ein kunne ta inn samtida i diktet, men folk skriv mest om natur og kjensler og dette med tida. Diktet har fått ein fin samanheng og handlar om det same. Det er veldig fascinerande. Eg håpar vi slår eit slag for poesien og viser at alle kan skrive dikt. Det er ikkje så vanskeleg når ein først set i gong, seier ho.

Skal halde på til sola kjem

No er stafettpinnen attende i lokalmiljøet i Flora.

– Diktstafetten rullar og går framleis, men vi hadde håpt at det eskalerte litt. Vi sa vi skulle halde på til sola kjem, så no har vi ikkje så god tid på oss, ler Herstad.

Ho tykkjer det er kjekt at folk har engasjert seg i diktet. Blant anna ordførar i Flora Bengt Solheim-Olsen er ein av bidragsytarane.

– Kanskje fylkesordførar Åshild Kjelsnes også burde fått stafettpinnen, spør Herstad seg.