I går såg ei ny verksemd dagens lys basert på oppfinninga til seljeværingen Oddvar Flølo. Håpet er å få til mellom tjue og tretti nye arbeidsplassar i Selje.
- Det er grisgrendt mange stader og dyrt å leggje kabel. Difor ønskte eg å finne ein måte å sende signala trådlaust, seier Flølo.
Satsar internasjonalt
Og det har Oddvar Flølo no lukkast med. Trådlaust digitalfjernsyn skal kunne nå ut til alle sjåarar, også dei som bur i skuggen av fjernsynssatelittar. Det er fire år sidan Flølo starta eit selskap basert på denne oppfinninga, men i går vart selskapet lansert med nytt namn og store visjonar for framtida. Målet for Paneda i Selje er å bli ein leverandør både nasjonalt og internasjonalt, og at dette kan gje mange nye og spanande arbeidsplassar i Selje.
Svært aktuelt
Og det er ei svært aktuell oppfinning Flølo har skapt. Derfor var både Samferdsledepartementet, Telenor og Norges Televisjon blant gjestene i Selje i går. For det analoge systemet for overføring av fjernsyn skal om nokre år stengast.
Imponerande
Oddvar Kirkbakk. NRK-arkiv.
Kravet frå Stortinget er at alle som har fjernsyn idag også skal ha det når det digitale nettet tar over, men ifølgje Oddvar Kirkbakk, sendesjef i NRK, er det ei stor utfordring i fjellandet Norge.
- Løysinga til Flølo er veldig interessant, fordi det er svært kostbart å dekke dei som bur i skuggane. Dette er ei av fleire løysingar, men det er ei god løysing og det er imponerande det vi har sett her, seier sendesjefen.