Hopp til innhold

Digibok kan bli årets gåve

Digibok er det siste nye for dei som ønskjer seg harde pakkar til jul.

Digibok

Digiboka med lyd og spelar i eitt.

Foto: Per Foss / NRK

- Dette vert nok ein bestseljar til jul, seier Guro Berget på Økland Libris i Førde.

For alle

For sjølv om det er lenge til jul, er butikkane allereie klare med julegåvetips og glitrande innpakkningspapir. I år er det siste nye altså ei digibok som fungerer som lydbok og spelar i eitt.

- Det er praktisk for du slepp å ha Ipod, mp3 eller cd-spelar for å kunne høyre boka. I tillegg følgjer det øyreproppar med. Så du kan byrje lytte med ein gong du går ut av butikken, seier Berget. 

Video: Slik virkar digiboka

No har dei 20 titlar i hyllene, med forfattarar som Anne B. Ragde og Gunnar Staalesen.

- Det fine er jo at du ikkje treng å vere teknisk for å bruke digiboka. Alle kan klare det, seier Berget.

Gåvekort populært

Men det er ikkje berre bøker som er populære gåver. På Valaker i Førde fortel Tor Åge Lillestøl at kamera og mobiltelefonar sel godt.

- Det er også nokre som kjøper pc og flatskjerm. Men det er større gåver, ofte til heile familien, seier Lillestøl.

Reisegåvekort er blitt ei populær gåve. På Fjordane Reisebyrå sel dei oftare gåvekort enn før. Så gjenstår det å sjå om det ligg flate pakkar, harde pakkar eller den gode historia som ligg under treet i år.