Hopp til innhold

Pliktoppfyllande innbyggjarar gir svært gode data - det blir lagt merke til internasjonalt

Ved hjelp av innbyggjarane i Sogn og Fjordane har forskingsinstitusjonane i fylket samla inn svært gode data. Informasjonen er så god at det no er stadig fleire internasjonale forskingsmiljø som vil sjå nærare på folk i fjordfylket.

Skjema

ILLUSTRASJON: At folk frå Sogn og Fjordane er pliktoppfyllande og fyller ut dei skjemaa dei skal, blir trekt fram som ein grunn til at forskarane får fram gode data.

Foto: Thorset, Ola A. / SCANPIX

Forskingsmiljøa i fjordfylket kan nemleg skilte med eit svært tett samarbeid med mellom anna fleire offentlege institusjonar. På denne måten får dei tilgang på svært gode data.

Dette blir lagt merke til også utanfor Norge, og eit amerikansk forskarmiljø vil no samarbeide med Helse Førde på psykisk helse.

Forskingsleiar i helseføretaket, Marit Solheim, seier nettopp den gode tilgangen på data ligg til grunn for førespurnaden frå amerikanarane.

– Dei ser at vi får gode data frå den verkelege verda. Informasjonen kjem ikkje frå ein lab, men frå verkelege pasientar som feilar alt mogleg, og som ikkje berre har ein diagnose, seier Solheim til NRK.no.

– Eit pliktoppfyllande folkeslag

Saman med Helse Førde skal dei amerikanske forskarane utveksle pasientdata. Målet er å gje pasientar med psykiske vanskar betre behandling.

Marit Solheim, forskingsleiar i Helse Førde

GJER DET DEI SKAL: Marit Solheim som er forskingsleiar i Helse Førde seier pliktoppfyllande innbyggjarar gjer det enklare for forskarane.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Det å bruke faktiske data, heller enn testar og forsøk, er viktig for forskarane når dei søkjer ny kunnskap.

For å få dette til samarbeider forskingsmiljøa i Sogn og Fjordane tett med skular, kommunar og andre offentlege organ.

I tillegg spelar innbyggjarane sjølve ei viktig rolle, seier Solheim.

– Folk her i fylket møter opp til kontrollar, og dei sender inn skjema slik dei skal. På denne måten er vi veldig skikkelege, seier ho og held fram:

– Ein annan ting er at folk bur her fast, noko som gjer at vi får data over tid.

– Eit ypparleg laboratorium

Forskingsmiljøa ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Helse Førde og Vestlandsforsking produserer stadig meir kunnskap.

I tillegg til eit pliktoppfyllande folkeslag som kjem med nyttige opplysningar, meiner Erik Kyrkjebø, viserektor for forsking og utvikling ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, at det også er mange andre fordelar med å drive forsking lokalt.

– Sogn og Fjordane består av tre fjordar og folk her er litt skeptiske til folk utanfrå, og blandar seg gjerne ikkje så mykje. Slik sett er vi ei ganske homogen befolkning, og det gjer at ein kanskje kan sjå nokre særtrekk for fylket litt meir under eitt, seier Kyrkjebø.

– Nokre meiner vi er eit ypparleg laboratorium nettopp fordi vi har ei slik homogen befolkningsmasse, seier han.

(Artikkelen held fram under)

Erik Kyrkjebø, viserektor for forsking og utvikling ved Høgskulen i Sogn og Fjordane

SAMARBEID: Erik Kyrkjebø seier det nære samarbeidet mellom forskingsmiljøa og skuleverket, helsesektoren og andre er avgjerande for dei gode resultata.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Nyt godt av nært samarbeid med andre

Forskingsinstitusjonane samarbeidet tett med kvarandre, og mange av prosjekta inkluderer folk frå fleire av institusjonane.

Men noko av det unike i Sogn og Fjordane er at forskarane også spelar på lag med kommunar, skulevesen og andre, seier Kyrkjebø.

– Vi har eit samarbeid med både skuleverket, helsesektoren og mange andre rundt oss. Eg skal ikkje seie det er unikt, men det er veldig, veldig bra, seier Kyrkjebø.

– Det er slik at andre forskingsinstitusjonar kontaktar oss for å få gjennomført ein del forskingsprosjekt, fordi dei veit at vi har gode kontaktar i både skuleverket og andre sektorar. Dette er ein enorm fordel for oss, seier han.

Eit konkurransefortrinn

Akkurat no prøver forskarar i fylket å finne ut kvifor elevane i Sogn og Fjordane gjer det så godt på nasjonale prøvar, og om det er samanheng mellom fysisk aktivitet og læring.

Dei fleste skulane i Sogn og Fjordane er involvert i prosjekta, noko som ikkje hadde vore mogleg andre stader, trur forskingssjefen.

– Vi har eit konkurransefortrinn fordi vi samarbeider med skuleverket, seier han.