NRK Meny
Normal

Difor vil dei ha deg til å smile til folk du møter

– Smil eller sei hei til nokon du ikkje vanlegvis smiler eller helsar på. Ein så liten ting kan bety utruleg mykje for dei som ikkje får eit einaste smil eller hei i løpet av dagen.

John Atle Rise og Thor Mehammer frå Røde Kors

VER RAUS MED ANDRE: For mange kan det betyr veldig mykje å bli møtt med eit smil eller eit hei frå ein framand. Det seier Jon Atle Rise og Thor Mehammer i Røde Kors.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det seier Jon Atle Rise og Thor Mehammer i Røde Kors i Sogn og Fjordane.

I dag er det verdsdagen for psykisk helse. Noko av det viktige med markeringa er å skape openheit og gje kunnskap om vår psykiske helse.

– Den største grunnen til at ungdom døyr i dag er sjølvmord. I Norge er det rundt 500 som tek sjølvmord kvart år, og det er 6000 som prøver å ta livet sitt. Det viktige med denne dagen er å markere at mange slit, og at det veldig ofte er den smerta ein ikkje ser som må fram i lyset.

– Gjer enkle ting

Årets tema på verdsdagen for psykisk helse er «Noko å gle seg over». Dei to karane i Røde Kors seier det ofte kan vere små ting vi gjer i kvardagen som kan bety mykje for folk rundt oss.

– Det er utruleg viktig å fokusere på dette med å inkludere folk, det å skape eit fellesskap. Du treng ikkje vere bestevenn med alle, men alle kan vere venn med nokon, seier Rise.

Han skulle ønskje folk forstod kor viktig det er å vise respekt for folk, sjølv om folk er forskjellige.

– Gjer enkle ting som å setje seg ned med den som sit åleine i kantina. Sei hei til kollegaene du møter på jobb om morgonen, nemner han som døme.

John Atle Rise og Thor Mehammer frå Røde Kors

SJÅ FOLK: – Det er mange som slit, og mange ein ikkje ser det på. Du kan vere god venn med nokon og ikkje vite at dei slit, seier Jon Atle Rise (til venstre). Her saman med Thor Mehammer frå Røde Kors Sogn og Fjordane.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Barn og unge må ha nokon å snakke med

Seinare i haust arrangerer Røde Kors ein konferanse i Førde der psykisk helse blir tema.

Der vil dei blant anna vise fram det dei skildrar som ei suksesshistorie, der Firda Vidaregåande skule på Sandane har jobba hardt for å få elevane til å trivast og føle seg sett. Fleire kveldar i veka har dei ope hus der elevane kan møtast heilt uformelt for ein matbit, eller berre å snakke og vere saman.

– Einsemd er blant dei største utfordringane vi har i Norge i dag, og nær 40 prosent av ungdomane slit med einsemd. Det å skape ein uformell arena der terskelen er såpass låg at dei fleste torer å møte opp er utruleg viktig, seier Rise og Mehammer.

Dei seier det er avgjerande at barn og unge har nokon å gå til.

– Det er fleire historier der folk er blitt møtte av ein post-it-lapp på døra til helsesøstera, så der bør det bli betre. Behovet for at ungdom har nokon å snakke med er stort.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast