Hopp til innhold

Den raude bekken fekk mange til å sperre opp augo

– Er det røyret til blodbanken som har sprokke, fleipar Ståle Kjell Kvammen om den raude bekken på Vie i Førde.

Farga vatn i Førde

RAUDT: Denne bekken fekk Ståle Jarle Kvammen til å undre fælt.

Foto: Ståle Kjell Kvammen

Det var tilfeldig at han la merke til det, men då Ståle Kjell Kvammen hadde henta nista si la han merke til det raude vatnet langs vegen.

Unødig å seie, han sperra opp augo.

– Eg har aldri sett dette før, så eg lurte fælt på kva det var, seier han til NRK.no.

Kommunen har svaret

Men både teorien om måling og ein litt meir fleipete teori om sprokke røyr i blodbanken viser seg å vere feil. Det er heller ikkje ørkenstøv frå Sahara som har sett farge på bekken.

Sjølv om det raude vatnet har ei logisk forklaring, forstår Vidar Solhaug ved teknisk etat i Førde kommune at folk byrjar å lure.

– Det ser nok meir dramatisk ut enn det er. Det er nok vi som er ute for å søkje etter feilkoplingar på kloakknettet. Då brukar vi eit fargestoff, seier han.

Nyttar fargestoff

Røyrsystemet ligg under bakken, og feilkoplingar er såleis ikkje lett å spore. Solhaug seier fargestoffet ikkje er farleg.

– Det er kjemisk farge som er laga for slikt. Vi brukar litt raudt, kvitt og det hender at vi nyttar mjølk. Dette har vi ned i kummar, takrenner og slikt, og kjem det ut i vassdraget, så er koplinga rett. Kjem det i kloakknettet, så er det feilkopling, forklarar Solhaug.

Han reknar med at ein kanskje har vore litt overivrige i fargebruken, men seier det ikkje vil ta lang tid før fargestoffet er utvatna.

– Det går nok ikkje så langt nedover elva før det er blankt. I området vil det nok halde seg raudt ei lita stund, men det blir ikkje så lenge slik det regnar no, legg han til.

Nyttar fargestoff

Solhaug seier at dei i lengre tid har søkt etter feilkoplingar som fører vel mykje overvatn inn på kloakknettet. For mykje vatn i kloakksystemet er ikkje heldig for det nye reinseanlegget i kommunen, og det kan føre til at kloakksystemet ikkje maktar å ta unna alt.

Feilsøkinga har ført teknisk etat mot byggjefelta på Viebøen.

– Vi har mykje rør i kommunen og vi ser at det til tider kjem mykje overvatn inn på kloakksystemet. Røyra på Vie er bygde på 70-talet og vi har gjennom tidlegare søk peila oss opp der. No er det så detaljert at vi går inn på kvart enkelt tun, avsluttar han.