Hopp til innhold

I sommar gir dei tre familiar ein gratis ferie

Ekteparet Tor Ivar og Tove Østreng har lenge tenkt at dei vil gjere noko for dei som ikkje har råd til å reise på ferie. I sommar kjem tre familiar for å ferie gratis i gjestehuset deira.

Tove og Tor Ivar Østreng på Barmøy Gjestehus i Selje

GRATIS FERIE: Tove og Tor Ivar Østreng ønskjer i sommar velkommen til tre familiar på Barmøy Gjestehus i Selje. – Viktig å gjere noko for dei som ikkje har det så godt, seier ekteparet.

Foto: Elisabeth Østreng

Det å reise på ferie er ikkje sjølvsagt for alle. Verken til varme strok eller berre ein hotellferie eller hyttetur i nærområdet.

Røde Kors tilbyr gratis ferieleirar over heile landet, men pågangen i år har vore så stor at over 1000 barn og vaksne framleis står på venteliste.

I Sogn og Fjordane er det over 100 personar som ikkje får plass på «Ferie for alle»-tilbodet til Røde Kors. Men takka vere det gjestmilde ekteparet på Barmen i Selje har ventelista blitt litt kortare.

– Den andre veka i juli kjem det tre familiar hit. Det er fem vaksne og ni barn som skal vere hos oss i ei veke, fortel Tor Ivar Østreng til NRK.no.

– Viktig for borna med eit avbrekk

Han og kona er blant dei mange som no er ute og tilbyr gratis opphald i hytta eller huset sitt til dei som ikkje har så god råd.

Med berre dagar att til skuleferien startar er det dessverre mange som ikkje har noko å gle seg til. Røde Kors tilbyr gratis ferie til familiar som har dårleg råd, og pågangen for å få delta har blitt stadig større i alle fylke.

– Dette er veldig trist. Kriteriet vårt er at familien må ha ein svak økonomi over lengre tid, og det er urovekkjande å vite at dette gjeld så mange.

– For barn er det veldig viktig å få eit avbrekk frå kvardagen sin, og difor er ferie så viktig, seier Bente Nilsen som er koordinator for Røde Kors sitt «Ferie for alle»-tilbodet i Sogn og Fjordane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bente Nilsen i Røde Kors om "Ferie for alle" ved Hauglandssenteret i Fjaler

FERIE FOR ALLE: Over 200 vaksne og barn får denne sommaren ferie på Hauglandssenteret i regi av Røde Kors. Bente Nilsen er glad også privatpersonar opnar hytter og hus for å gje folk gode opplevingar.

Foto: NRK

– Dei som ikkje har det så godt som alle andre

Blant dei som har merka seg problemet er eit ektepar på Barmen i Selje. Dei driv til vanleg Barmøy Gjestehus og denne sommaren opnar dei dørene for nokre som kanskje vil setje ekstra stor pris på opphaldet.

– Vi har laga til ein masse felles aktivitetar i løpet av den veka familiane skal vere her. Vi skal ha felles måltid, og vi skal gje dei ei skikkeleg fin veke, fortel ekteparet.

Fisking, felles matlaging og turar er berre noko av det som står på timeplanen denne ferieveka. Ekteparet meiner det er svært viktig å gjere noko for at familiar som ikkje har så god råd kan få ei god ferieoppleving.

– Både eg og Tove har i mange år vore opptekne av at det finst mange i samfunnet som ikkje har det så godt som alle andre. Vi tek det som ei sjølvfølgje at alle skal få vere med på alt, men verkelegheita er ikkje slik.

– Vi har brukt litt tid på å engasjere oss for folk som har bruk for ei utstrekt hand, seier Tor Ivar Østreng.

– Det varmar meg om hjartet

Bente Nilsen i Sogn og Fjordane Røde Kors gler seg stort over at det blir fleire som vil ta imot familiar som treng ei hjelpande hand.

– Dei siste åra har det blitt meir av dette, og det er utruleg positivt, seier ho.
Ho har sjølv vore på besøk på Barmen og fekk ein smakebit av det familiane kan få oppleve.

– Vi var der på overnatting og vi fekk mat, og det var veldig bra. Det er viktig for oss å få reise på slike synfaringar, slik at vi veit at dei tilboda vi har er sikra kvalitet og at familiane som får reise dit får gode opplevingar, seier ho.

I år har Røde Kors i Sogn og Fjordane også blitt kontakta av eit hotell som har lagt til rette for åtte hotellhelger for familiar, med mellom anna gratis bading på badeanlegget Havhesten.

– Dette er gode folk som har lyst å gjere ein forskjell for andre, og det varmar meg om hjartet, seier Nilsen.

Ikkje for seint å tilby gratis ferie

Sjølv om sommaren no er like rundt hjørnet er det framleis ikkje for seint for folk å ta kontakt om dei vil tilby utleige av hus, hytter eller andre ting.

– Folk må gjerne ta kontakt, men det er ikkje sikkert vi får det til i år. Men det er veldig kjekt å få dei telefonane, understrekar Nilsen.

På Barmen i Selje har dei allereie lagt mange planar for ferieveka i juli, og Tor Ivar Østreng håpar dei 14 store og små som kjem dit skal få ei oppleving for livet.

– Eg trur denne veka skal bli kjempebra. Det er utruleg spennande sidan det er første gongen vi gjer dette. Men vi gler oss, og håpar dei som kjem hit vil trivast også.