Hopp til innhold

– I år har stanken vore verkeleg ille

Våren har så langt vore svært illeluktande fleire stader. Men syndaren er verken dårleg mage, hundeskit eller daude rotter i ventilasjonsanlegg.

Sentrumsparken i Sogndal

STANK: Stram «fiskelukt» i Sogndal siste vekene skuldast verken dårleg mage eller store mengder hundeskit i Sentrumsparken.

Foto: Christian Blom

Årsaka er enkelt og greitt isbrann. For under isen som mange stader dekkjer marka gror graset og «rotnar på rot».

Sentrumsparken i Sogndal er ein av stadane der folk verkeleg har undra seg over den høgst tvilsame lukta, som for mange kan kjennest ut som «fiskelukt».

– Så lenge eg har levd, og det er ganske mange år etter kvart, har eg aldri opplevd liknande som i år. Her har det vore utruleg gale, fortel Knut Christiansen, som er vaktmeister i Sogndal kommune.

Snart over – for i år

Knut Christiansen

VAKTMEISTER: Knut Christiansen.

Foto: Arve Uglum / NRK

Kommunen har så langt latt det vere opp til vêrgudane å ordne opp i det illeluktande fenomenet. Christianse er godt nøgd med å kunne konstatere at det også ser ut til å skje. Lukta har dei siste par dagane ikkje vore like intens.

Slår prognosane om varmare vêr til, trur han problemet kan ordne seg heilt til helga.

– I dag kjende eg at vatnet går igjennom telen, at telen går nedover. Dersom meldingane til meteorologane slår til med regn og temperaturar opp mot ti plussgrader, så er vi berga, seier Christiansen.

Forklaringa

– Lukta skuldast smørsyre, som er eit produkt av gjæring som skjer utan at luft er til stades. Det luktar oppkast. Det luktar veldig stygt. Du kjenner det med ein gong – ei ekkel, rota lukt, forklarar forskar ved Bioforsk, Marit Jørgensen, til NTB.

Ho forklarar at eit tjukt islag over plantane er årsaka til at prosessen startar. Isen hindrar både at oksygen kjem til og at avfallsstoff slepp ut.

– Plantane treng oksygen for å ande, og då brukar dei opp det oksygenet som er til stades under isen. Dei får ein ufullstendig anding, og det er skadeleg for plantane, både på grunn av mangelen på oksygen, og på grunn av avfallsstoffa dei sjølve slepp ut, forklarer ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sentrumsparken Sogndal

POPULÆRT: Yrande folkeliv om sommaren i parken, men i vår har Sentrumsparken i Sogndal vore prega av vond lukt.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ustabil vinter

Isbrann er følgjene av ein ustabil vinter. Dersom det set seg tele i jorda, og det deretter kjem ein mildvêrsperiode med regn og smelting, vil ikkje vatnet ha noko stad å gjere av seg på grunn av den frosne jorda. Dermed byggjer isen seg opp.

– Her har vi hatt kjempetrøbbel, seier Christiansen som har ansvar for grønanlegga i kommunen.

– Kan du skildre kor ille det har lukta?

– Om du tek 500 hundar som drit i ei veke, så blir det ille lukt.

– Tykkjer synd i bøndene

– Men eg trur nok at dette er peanøtter i høve til kva bøndene slit med. Eg trur bønder som driv jordbruk får eit utruleg vanskeleg år. Dei tykkjer eg synd på, legg Christiansen til.

Og det kan han nok ha rett i. For isbrann gir ikkje berre ein stinkande vår, men også store øydeleggingar i landbruket.

– Mange gardbrukarar er uroa over all isen. Isdekke er den viktigaste årsaka til vinterskadar i landbruket. Vi held på å undersøke kor mykje dette vil utgjere i avlingsskadar i år, seier Jørgensen til NTB.