NRK Meny
Normal

Difor røysta Anton nei til storkommune

BALESTRAND (NRK): – Eg ser ikkje noko positivt med å bli del av ein storkommune, seier Anton Heggheim Lee.

Anton Heggheim Lee

SPENT: Anton Heggheim Lee er spent på resultatet for kveldens folkerøysting i Balestrand.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

I dag gjorde han borgarplikta og leverte røystesetel som fortel politikarane kva han meiner om at Balestrand kan bli del av ein storkommune.

Det same skal også innbyggjarane i seks andre sognekommunar gjere i dag.

– Ein kan berre sjå på kva som skjedde i Sverige og i Danmark. Ein må ta lærdom frå andre land som har gått igjennom det same, seier Anton Heggheim Lee.

Røysta nei

For han vart det røystesetelen som seier nei til samanslåing med Høyanger og eventuelt Hyllestad. Det same til ei samanslåing med Sogndal, Leikanger og Vik.

Lee valde setelen som fortel at Balestrand bør halde fram som eigen kommune.

– I Sverige er mykje av befolkninga i distriktet flytta til dei store byane. Eg tykkjer vi har så pass gode distrikt her, at det er best å behalde det som det er, seier han.

Håpar folk røyster

Ordførarane i dei ulike kommunane fortel om stort engasjement. I Vik røysta til dømes alle ungdomsskuleelevar som var på skulen, då elevane ved Feios og Flatbygdi skule sa sitt.

Også Lee håpar på god deltaking.

– Det er viktig at folk røyster, for det er ein del av framtida. Det er dette vi vil sjå att om nokre år. Endringane blir der, og etter kvart fryktar eg at det blir meir dramatisk, seier han.

Magekjensla sa nei

Nils Tore Bondevik

I TVIL: Nils Tore Bondevik var i tvil, men røysta til slutt nei til samanslåing.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Sjølv var han ikkje i tvil om at han skulle røyste.

– Det er for å vise eit engasjement for bygda, seier han.

Nils Tore Bondevik valde same røystesetel som Lee.

– Eg har vore veldig usikker og i tvil, men fall på nei. Magekjensla mi seier at vi blir ein utkant om vi kjem saman med eit større senter, seier Bondevik.

23. mai får du vite kva innbyggjarane i sju kommunar i Sogn meiner om kommunereforma.

FØLG OSS DIREKTE: Gro Ravnestad og Stian Sjursen Takle er programleiarar under sendinga som startar måndag 23. mai klokka 20:45.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast