Hopp til innhold

Difor må han jobbe hardare enn alle andre

LILLEHAMMER (NRK.no): Gjøran Tefre (20) står utan lag framfor sin første sesong som senior. Difor har han bestemt seg for å satse hardare enn alle andre.

Gjøran Tefre på Lillehammer

SENIOR FOR FØRSTE GONG: Gjøran Tefre satsar for fullt på langrenn, og var på juniorlandslaget sist sesong. I sin første sesong på seniornivå er han utan lag.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Sesongen i fjor vart veldig frustrerande. På grunn av sjukdom og at eg berre fekk gått seks renn, vart det vanskeleg å få seg eit lag i år, seier Tefre.

20-åringen frå Førde står framfor sin kanskje tøffaste utfordring i langrennssporet så langt i karrieren: Han er førsteårs senior - og han må gjere jobben åleine.

– Eg løyser det enkelt og greitt ved å jobbe og trene hardare enn alle dei som er på lag. Det er veldig motiverande å vite at eg kan gjere det vel så bra som dei. Eg veit det er tøft å bli senior, men eg har fokus på å få ut det eg er god for i skiløypa, seier Tefre.

Låg på sofaen og var sint og sur

Gjøran Tefre var sist sesong på det norske juniorlandslaget, men fekk heile sesongen spolert av ein virussjukdom. Først i midten av februar var talentet tilbake i konkurranse. Det vart berre seks renn på førdianaren.

– Det var absolutt ikkje moro. Eg måtte sitje og sjå at alle andre dreiv med det eg har mest lyst til å drive med. Det var ein tøff periode. Eg håpar eg slepp å gå gjennom noko slikt igjen, seier han.

Likevel greidde han å sikre seg ein bronsemedalje under junior-NM på tampen av sesongen.

No er han topp motivert for å gjere det som skal til for å nå toppen.

– Då eg sat to månader på sofaen og var sint og lei meg, kjende eg at idretten er veldig viktig for meg. Då er det lett å finne motivasjon til å leggje ned det som skal til, meiner Tefre.

Skal trene betre enn alle dei andre

Denne helga startar langrennsfolket sesongen med dei første renna på nasjonalt nivå på Beitostølen. Frå Sogn og Fjordane er det fem løparar på startstreken .

Tefre skulle gjerne ha vore på eit lag, der løparane har eigen trenar, smørjar og nokon som tar seg av alt det praktiske rundt satsinga. No må han i staden gjere alt sjølv. Han har fått bli med andre lag på nokre samlingar, mellom anna krinslaget til Sogn og Fjordane.

No har han tenkt å gjere alt betre enn alle dei andre.

– Korleis skal du få til det?

– Enkelt og greitt ved å stå opp kvart einaste morgon, og gjennomføre eit treningsarbeid som er av så høg kvalitet som mogleg. Eg må ta rette val heile vegen, og rett og slett jobbe knallhardt. Trene mykje. Og trene gode kvalitetsøkter, seier Tefre.

Han legg til:

– Og det føler eg at eg gjer. Eg håpar at eg skal få valuta for det seinare.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gjøran Tefre på startstrek

TIL START: Denne helga går langrennsløparane sesongstart på Beitostølen. Her er Gjøran Tefre på startstrek ved eit tidlegare høve.

Foto: Rune Fossum / NRK

Har sett seg store mål for karrieren

Som førsteårs senior kan ikkje 20-åringen rekne med å hevde seg altfor langt oppe på resultatlistene denne sesongen. Sjølv om Tefre tidlegare har gode plasseringar også i konkurranse med seniorane.

– Målet mitt må vere å få ut det eg er god for. Eg vil ha den gode kjensla. Om det betyr at eg blir nummer 10 eller 20 i NM, er ikkje så nøye.

– Neste år må eg prøve å komme meg på eit lag igjen. Det har fungert bra å vere åleine i år, men eg må gjere mykje arbeid eg elles ikkje hadde trengt å bruke tid og krefter på, seier Tefre.

– Kva har du som langsiktige mål?

– Eg vil sjå kor skiløpar eg kan bli, og håpar det er så godt at eg kan gå verdscup om nokre år. Kanskje kan eg få gå VM og OL - det hadde vore kjempemoro, seier Tefre.