Hopp til innhold

Issmelting og ujamt underlag gjorde at steinen losna

Issmelting og ujamt underlag var årsaka til at den 7 tonn tunge steinen losna i fjellsida i Årøy. 15 år gamle Aleksandra Dominika Alberska omkom i ulukka.

Bil vart smadra av stein

ISSMELTING: Issmelting var årsaka til at steinen knuste bilen der Aleksandra var passasjer.

Foto: Rune Sjøberg

Det skriv VG Nett.

Det var fredag ettermiddag at den store steinen losna frå fjellsida i Årøy på fylkesveg 55 mellom Sogndal og Hafslo. Steinen dundra ned fjellsida og trefte bilen der 15 år gamle Aleksandra Dominika Alberska var passasjer. Ho mista livet, den 26 år gamle sjåføren kom frå det med lettare skader.

Roser der dødsulukka skjedde

BLOMAR: Det vart lagd ned roser på ulukkesstaden fredag kveld.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Det har vore mykje is i vinter, og den førebelse rapporten seier at det har frose mykje is under steinen. Då det byrja å smelta har steinen fått skeivt tyngdepunkt og rasa ut. Den låg på ein grasbakke, og hadde nok vore trygg om det ikkje var for isen, seier Nils Magne Slinde, avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Sogn og Fjordane, til nrk.no.

Ikkje fare for fleire steinar

Nils Magne Slinde, Statens vegvesen region Vest

– IKKJE FARE FOR MEIR: Nils Magne Slinde, avdelingsdirektør Statens vegvesen, Sogn og Fjordane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Etter slike tragiske ulukker er det viktig for oss å finna ut om det er noko me må gjera i etterkant eller om det er noko me burde gjort i forkant for å hindra slike ulukker.

– Me hadde eit reinskelag oppe i fjellsida i går for å sikra at det ikkje kom meir stein ned i etterkant, seier Slinde.

Han seier at reinskelaget som undersøkte fjellsida brukte ganske kort tid på å konstatera at det ikkje er fare for at fleire steinblokker skal rasa ned i vegen.

– Det var ingen andre farlege ting, og steinen hadde ikkje slege ned noko på vegen nedover. Men det er klart: me har hatt mykje is i vinter, og det er på denne tida når isen smeltar at det er risiko for nedfall.

– Me har hatt ein del stengingar i vår der me ventar isras og andre ting me får signal om, men dette er eit døme på ein stad det ikkje har gått stein før og me fekk ikkje noko forvarsel på at det kom til å koma ned noko.

Steinen som knuste ein bil i Årøy

TUNG: Steinen knuste bilen. Den 26 år gamle sjåføren vart lettare skadd, Aleksandra (15) omkom.

Foto: Rune Sjøberg

Fleire dødsulukker og nestenulukker

Dette er ikkje den første dødsulukka på vegane i Sogn og Fjordane der stein har teke liv.

I 2007 omkom Katrin Lerum (24) då ho fekk ein stein gjennom frontruta på bilen sin i Fatlaberget mellom Sogndal og Leikanger. Berre eitt år seinare stod tunnelen klar.

Berre nokre timar før ulukka på fredag, hadde småbarnsmora Line Helen Husevåg Nygård englevakt, då ei diger steinblokk dundra i vegen like framfor bilen hennar på Fylkesveg 621 mellom Måløy og Oppedal.

– Det er svært vanskeleg å sikra seg mot at slikt skjer. Me har mange punkt på Vestlandet som er rasfarlege, og me har faste instruksar til våre entreprenørar om at slike plassar skal haldast under oppsyn.

– Går ikkje an å heilgardera seg mot slikt

– På punkt der det ikkje har vore aktivitet på over 30 år, slik som i Årøy, so er det umogleg å sikra seg mot enkeltsteinar oppe i fjellsidene. Då må nesten heile vegnettet vårt vera totalsikra, seier Slinde.

– Og ein kan jo ikkje leggja heile Vestlandet i tunnel?

– Nei, det blir vanskeleg. Men samstundes er det viktig i etterkant av slike ulukker på fredag, at me undersøkjer alle moglegheiter for å sjå om det er noko som kan gjerast.

Statens vegvesen sine geologar jobbar no med ein grundigare rapport om kva som skjedde.

– So får me vurdera om me skal gjera noko med dette punktet i forhold til om det er andre punkt som står høgare på listene, seier Slinde.