Hopp til innhold

Valde først å leggje vekk mobbesak fordi den var den første av sitt slag

Politiet la først vekk saka der to Høyanger-elevar blei utsette for vald og mobbing, fordi det aldri var gitt straff til ein kommune i slike saker før.

Anette Stegegjerdet Norberg

NY RETTSPRAKSIS: Politiadvokat Anette Stegegjerdet Norberg seier Høyanger kommune er den første kommunen i landet som har fått bot for brot på Opplæringslova.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

No har kommunen fått 100.000 kroner i bot for brot på Opplæringslova.

– Juristane var ikkje kjende med at det var skrive føretaksstraff til ein kommune i ei sak som dette tidlegare. Det gjorde at ein veik tilbake for å lage ny rettspraksis, men vi har heile tida meint at hendingane var svært alvorlege, seier politiadvokat Anette Stegegjerdet Norberg.

Torsdag blei det kjent at Høyanger kommune har fått ei bot på 100.000 kroner for ikkje å ha gripe inn, trass i at dei visste at det gjekk føre seg alvorleg mobbing ved Høyanger skule. Dei har fått førelegg for brot på to punkt i Opplæringslova.

– Dei episodane elevane har vore utsette for, strekkjer seg langt utover den verbale mobbinga det finst mange tilfelle av overalt. Dette er alvorlege valdshendingar som kunne fått fatale utfall, seier ho.

Angreip med kniv

Høyanger skule

GROV MOBBING: Dei to elevane vart utsette for grov mobbing ved Høyanger skule.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Høyanger kommune blei i 2013 meld av foreldra til to elevar ved Høyanger skule. Dei meinte elevane ikkje blei følgt godt nok opp etter langvarig psykisk og fysisk mobbing.

Den eine guten skal ha vorte halden under vatn i symjehallen til han mista pusten, samt at han fekk hovudet dunka mot ein murvegg. Saka eskalerte då ein medelev gjekk til angrep på guten med kniv i skuletida.

Då politiet ville legge vekk saka, klaga foreldra på saka og statsadvokaten beordra ny etterforsking. I mellomtida hadde Fylkesmannen vore på tilsyn hos Høyanger kommune.

Der blei det avdekka at kommunen hadde gjort lite eller ingenting for å betre det som fram i tilsynet i 2010 og som var ein alvorleg situasjon.

Familien er letta

Advokat Snorre Sæverås, som representerer den eine av dei to familiane, seier dei er letta over å ha nådd fram i mobbesaka mot kommunen.

– Klienten min er letta over at politiet har teke dette på alvor. Det har vore ein lang prosess. Saka blei jo først lagt vekk, men dei klaga på det. No er dei letta, men har ingen kommentarar ut over det.

Den andre familien ynsker ikkje å kommentere saka i dag.

Seier orsak til familiane

Høyanger kommune har fem dagar på seg for å avgjere om dei godtek førelegget. Dei kan også søkje om å forlenge denne fristen. Rådmann Arve Varden i Høyanger seier dei ønskjer å legge saka bak seg, men at dei ikkje har teke stilling til om dei godtek førelegget eller ikkje.

– Det vil vi vurdere, men vi ønskjer å komme vidare og rette fokus mot å ta vare på dei borna som går på skulen vår og gi dei eit best mogleg tilbod, seier Varden.

Han vil på vegner av kommunen be foreldra og elevane det gjeld om orsaking.

Sender signal til andre kommunar

Politiadvokat Anette Stegegjerdet Norberg seier at saka er avslutta for politiet sin del om kommunen godtek bota.

– Vedtek dei ikkje bota, må det haldast ordinær hovudforhandling. Då må retten ta stilling til om det er heimel for å ileggje denne straffa, seier ho.

Norberg seier denne saka også er eit signal til andre kommunar om å ta mobbing i skulen på alvor.

– Vi har ikkje gitt bota for å statuere eit døme, men dette er ei så alvorleg sak at kommunar over heile landet bør ta dette som ei sterk oppmoding om å ta det psykososiale miljøet på alvor. Gjer ein ikkje det over tid, må dei vere budde på at dei kan få føretaksstraff for det.