Hopp til innhold

Difor kostar Sogndal meir enn andre

– Det er kapitalkostnader og ikkje høge leigeutgifter som er årsak til at Sogndal vidaregåande skule er den dyraste i fylket, seier assisterande fylkesdirektør for opplæring, Per Jørgen Loen.

Sogndal vidaregåande skule

770 ELEVAR: Sogndal vidaregåande skule er den største i Sogn og Fjordane.

Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune/Birte Johanne Finstad

Den nye Sogndal vidaregåande skule blei opna i fjor haust og er den største i fylket, med over 770 elevar og 150 tilsette.

Skulen til 360 millionar kroner kostar no fylkeskommunen 50 millionar kroner årleg, noko som er 30 millionar kroner meir enn dei neste skulane på lista. På andreplass kjem Flora med 20 millionar i året til skulebygg og Stryn med 19 millionar.

Tidlegare har Frp-politikaren Frank Willy Djuvik etterlyst meir informasjon om kor store summar fylkeskommunen må ut med i leige til Sogndal Fotball.

No meiner assisterande fylkesdirektør for opplæring at leigeavtalen med Sogndal Fotball berre utgjer ein liten del av kostnadene.

– Vi leiger 1550 kvadratmeter i stadionbygget. For dette betaler vi 2,34 millionar kroner årleg. Arealet vi leiger, blir brukt som undervisningslokale i idrettsfag ved Sogndal vidaregåande skule, seier Per Jørgen Loen.

Kunne redusere arealet

Han seier dette er ein heilt vanleg leigepris og at bakgrunnen for avtalen var prekær mangel på undervisningslokale.

– Det at vi inngjekk denne avtalen, gjorde at vi kunne redusere arealet på nybygget, seier Loen.

Mykje større enn dei andre

I summen på 50 millionar, inngår leigeavtalen, driftsutgifter og kapitalkostnader som renter og avdrag. Loen ventar at den årlege summen går nedover når lånet blir nedbetalt.

Han forklarer spriket mellom Sogndal og dei andre skulane med at den er heilt ny og større enn dei andre.

– Den er til dømes mykje større enn den i Stryn som også er ganske ny. Det er over dobbelt så mange elevar i Sogndal, seier han.