Hopp til innhold

Vegtrafikksentralen nedringde av ilsinte bilistar – no skal vakter følgje lysa 24 timar i døgnet

Fredag ettermiddag har Vegtrafikksentralen i Bergen blitt nedringde av ilsinte bilistar på E39 gjennom Jølster. – Men eg forstår dei godt, seier vaktoperatør Morten Hansen.

Kø ved Bjørset

KØ: Vegtrafikksentralen blir nedringde av folk som står i kø ved veganlegget på E39 gjennom Jølster.

Foto: NRK.no-tipsar

For det sensorstyrte lysanlegget kom igjen fullstendig i ulage, og køane hopa seg opp igjen ved vegarbeidsområdet på E39 mellom Bjørset og Skei i Jølster.

– Truleg har nokon ikkje følgt lysreguleringa og køyrt når dei ikkje skulle. Då bryt frekvensen og dersom anlegget ikkje klarer å restarte seg, så går det fullstendig i stå, seier Hansen i 1730-tida.

– Folk er ikkje blide

I løpet av ein halvtime fekk dei fleire telefonar frå trafikantar som stod i kø.

Kø ved Bjørset

LANG KØ: Køane vaks seg lange på begge sider av anleggsområdet langs Jølstravatnet.

Foto: NRK.no-tipser

– Folk er ikkje blide, for å seie det slik. Men eg forstår dei godt og dette er veldig beklageleg. Folk er på veg for å rette det, og eg håpar dei er der veldig raskt, seier Hansen.

Det er ikkje første gang at lysreguleringa har gått i surr. Han ber bilistane passe på å følgje lysreguleringa.

– Det har skjedd ein del gonger, men så skjer det fordi at nokon prøvar seg, seier Hansen.

– Kan ikkje vere slik

Jan Træen sit på rutebuss nordover. Bussen har stått i ro siste halvtimen når NRK.no snakkar med han. Truleg varte problemet ein time.

– Bussen som reiste ein time før oss frå Førde står framfor oss i køen, så det må no ha vore stillstand her ei stund, seier han og legg til:

– Vi har både mat og Facebook på mobilen og toalett i bussen, så det har gått greitt. Men vi ser raude lys nesten inn til Skei, seier han og legg til at det no er komne folk på staden for å dirigere trafikken manuelt.

– Men det kan ikkje vere slik. Det skjedde førre helg også då eg kom her, seier han.

– Dette er ikkje godt nok

Prosjektleiar Svein Reidar Dale i Statens vegvesen er samd. Frå og med fredag til måndag skal vakter følgje lyssignala 24 timar i døgnet.

Dale meiner at signala har blitt slått ut fem-sju gonger. Stort sett er det fredagar og laurdagar.

– Dette er fortvilande for oss. Det har vore for mange helgar der det korkar seg totalt i lysreguleringa. Det kan vere ulike årsaker til det, men dette er ikkje godt nok, vedgår han.

– Toler ikkje fleire avbrot

Han oppmodar bilistane til følgje lyssignala, men er samd i at det er litt rart at ein i 2017 skal ha så store problem med lysreguleringa.

I tillegg kan ei av feilkjeldene vere at signal frå anleggsmaskinene slår ut lysreguleringa. Dale er uansett klar i talen.

– Vi toler ikkje meir av desse avbrota og kork i trafikken, seier han.