Difor har varsellampene blinka raudt og oransje

– Det var eit ordentleg system som trefte oss i starten av veka, seier statsmeteorolog Pernille Borander. Og det er framleis ikkje over.

Vêrsystem har fått varsellampene til å blinke

STORT SYSTEM: Siste vekene har vore prega av farevarsel for både vind, skred og nedbør over heile landet. Alt skuldast lågtrykket utanfor Nord-Noreg.

Foto: Meteorologisk Institutt

Vêrsystemet som no ligg i Norskehavet, mellom Troms og Grønland, har denne veka fått varsellampene til NVE og Meteorologisk institutt til å blinke både raudt og oransje.

Då mildvêr avløyste kuldeperioden med somme stader mykje snø, vart det både glatt på vegane og stor snøskredfare over store delar av landet.

– Det var eit ganske stort system som kom inn med ein varmfront og varmluft. Bak følgde ein kaldfront og veldig mykje byevêr og vind, seier statsmeteorolog Pernille Borander.

Frå nord til sør

Snøskred ved Beisfjord

SNØSKRED: Måndag gjekk det eit stort skred ved Beisfjord i Narvik. I Nord-Noreg er snøskredfaren framleis på raudt onsdag, medan den truleg blir nedgradert til oransje torsdag.

Foto: Lars Erik Niia

Vêrsystemet har flytta på seg, og har såleis slått ulikt ut på dei ulike landsdelane. Førebels ser Nord-Noreg ut til å ha måtte ta den tyngste støyten med fleire skred og stengde vegar.

I Narvik sette kommunen ned krisestab og oppmoda innbyggjarane om å halde seg inne. Fem bustader og 11 hytter var evakuerte, og fleire hundre personar isolerte.

Her er vêret venta å roe seg utover dagen.

Torsdag hevar derimot NVE snøskredvarselet til raudt nivå for Svalbard, medan vinden vil feste grepet lenger sør. Der har Meteorologisk institutt sendt ut varsel på gult nivå for kraftige vindkast på land.

Vindfulle dagar i vente langs kysten

VIND: Det er vindfulle dagar i vente langs kysten av Noreg.

Foto: Meteorologisk institutt

– Vinden vil ligge på sterk kuling til liten storm, kanskje endå litt meir rundt Stad. Varselet på vindkast på 30-35 meter i sekundet gjeld Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Trøndelag, seier Borander.

Det positive er at vinden er venta frå ein sørvestleg retning.

– Då er det litt avgrensa kor langt inn i landet ein vil kjenne vindkasta. Men det vil blåse godt heile torsdag, spesielt i Møre og Romsdal, seier Borander.

Kan håpe på kvit jul

Om ikkje det er nok, Vindafjord, Ryfylke, Etne, Kvinnherad, Hardanger og Voss kan vente seg opp mot 70 millimeter nedbør på 12 timar.

Det gjer at NVE hevar faren for jord-, sørpe- og flaumskred til gult nivå for delar av Vestlandet.

Vêrtypen er litt uvanleg for årstida og gir i alle høve ikkje julestemning første veka av desember.

– Vi fekk ein skikkeleg overgang til meir haustleg vêr, enn det desember-vêret vi er vande med, konstaterer Borander.

– Men er det håp om kvit jul?

– Dette er nok eit kort blaff. Når det roar seg i slutten av veka så satsar vi på at det blir litt kvitare fleire stader til det nærmar seg jul.