NRK Meny
Normal

Difor har ho ikkje turt å sjekke vêrmeldingane

SOGNDAL (NRK): Med over tusen festivalpass er suksessen til årets fjellsportfestival allereie eit faktum. Men vêret kan by på heftige utfordringar for den ferske festivalsjefen.

Fersk festivalsjef

UTFORDRANDE DEBUT: Rosa Marie Skovli Øyrehagen er ny sjef for fjellsportfestivalen. Vêrmeldingane viser at ho vil få ein tøff start på sjefsrolla.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

For etter det fine vêret i helga spår meteorologane no styggevêr framover.

– For å vere ærleg, så har eg ikkje turt å sjekke vêrmeldingane så nøye enno, seier Rosa Marie Skovli Øyrehagen i Bratt Moro.

Må vere fleksible

Etter nesten eit halvt år med planlegging er det klart for ein ny runde med leik og moro i fjella rundt Sogndal.

Vêret får dei ikkje gjort noko med, uansett kor godt dei har planlagt.

– Vi skulle veldig gjerne hatt kontroll på det òg, men det har vi ikkje. Det vi vil gjere, er å vere fleksible i gjennomføringa av festivalen, slik at folk skal få ei best mogleg oppleving, og ikkje minst at sikkerheita blir teke vare på ein god måte, seier ho.

Bratt skimoro

SKIMORO I SOGNDAL: Bratt Moro arrangerer fjellsportfestivalen i Sogndal, som i år har sett rekord i talet selde festivalpass.

Foto: Tor Yttri / Bratt moro

Rasa sett ein støkk i miljøet

For to veker sidan gjekk det fleire store ras i Sogndalsdalen. Skovli Øyrehagen seier at sikkerheita alltid har stått i høgsete under festivalen, men at den naturleg nok vil bli via ekstra merksemd i år.

– Den såkalla skredlaurdagen sette ein støkk i veldig mange. Då såg vi kor stort skred som faktisk kan gå. Og når det kjem så tett på, blir det veldig skremmande, seier ho.

For å banke bodskapen inn i festivaldeltakarane vil dei gje skredvarsling frå scena kvar kveld under festivalen. I tillegg blir det konkurransar der deltakarane skal melde inn dagens snøboservarsjon.

– Alt blir gjort for at folk skal ha fokus på skredvarslinga og kva snøforhold dei ferdast i. Så må vi berre håpe at folk har respekt for dette og følgjer våre råd, seier ho.

Har runda tusen festivalpass

Fjellsportfestivalen har vakse kraftig sidan starten. I år har dei for første gong passert tusen selde festivalpass. Det trur festivalsjefen er nær på grensa av kva dei kan takle.

– Med tanke på kapasiteten til bygda, både når det gjeld overnatting og plass på hotellet, der mykje av aktiviteten går føre seg kveldstid, så byrjar vi å nærme oss ei maksgrense, seier ho.

Likevel betyr ikkje rekordeltakinga at festivalen styrer mot store overskot. I år har dei nemleg lagt inn fleire nyvinningar som kostar pengar. Ei av dei er eit høgdepunkt festivalsjefen personleg ser mest fram til.

– Konsert på fjelltopp med Stein Torleif Bjella, det trur eg kan bli ei utruleg flott oppleving, seier ho.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen