Hopp til innhold

Difor har han slutta å ete mat

Vegard Solheim frå Naustdal har slutta å ete vanleg mat. I sju månader har ein pulverdrikk erstatta alle måltid.

Vegard Solheim lever på pulver

NØGD: Solheim seier han kjenner seg i toppform etter sju månader utan fast føde.

Foto: Privat / NRK

For tida studerer Solheim programvareutvikling på høgskulen i Gjøvik. Han meiner pulver har mange fordelar i ein pressa kvardag.

– Eg sparar tid og pengar, samtidig som eg får i med alle næringsstoffa eg treng, seier han.

Blir møtt med skepsis

Han har måtte tole mykje merksemd etter at han vart intervjua av VGTV om sitt litt spesielle kosthald. Mange møter han med skepsis. Ofte får han høyre at tarmane kjem til å knekke saman, eller at tennene vil dette ut.

– I motsetning til kva mange trur, så fungerer det faktisk svært bra. Eg er heilt frisk og fin, seier Solheim.

Slik ser kjøleskapet ut

LITE VARIASJON: Slik kan kjøleskapet sjå ut når du byter ut mat med pulverdrikk.

Foto: Privat / NRK

Han har alltid vore sær i matvegen, så saknet etter mat merkar han lite til. I dag reknar han med at pulver utgjer rundt 90 til 95 prosent av kosthaldet.

– Eg har aldri brydd meg noko særleg om mat, verken å lage det, eller ete det. For meg er det berre ein måte å få i seg næring, seier han.

Frå brød til pulvermat

Tidlegare åt han nesten berre brødskiver. Det hadde han fått klar beskjed om ikkje var noko å leve på i lengda, både frå legar og andre.

– Slik sett har kosthaldet blitt vesentleg sunnare, seier han.

– Kor overbevist er du om at dette er sunt?

– Eg kan aldri vere hundre prosent sikker, men det er etter kvart ganske mange som drikk dette her. Av dei tilbakemeldingane eg har lese på nettet kan eg ikkje sjå at det er nokon som har fått vesentlege problem, seier han.

Han fortel at han har fått medisinsk oppfølging etter at han starta på den nye dietten. Målingane syner at han i alle fall får i seg dei viktigaste næringsstoffane.

– Det òg at eg sparar ganske mykje tid på matlaging er dei viktigaste grunnane til at eg gjer dette. At det i tillegg ikkje kostar så mykje, er ein ganske fin bonus, seier Solheim.

Billeg i drift

Alt pulveret blir kjøpt via internett. Inkludert prisen for vara, toll, frakt og moms, antek han at det kostar han om lag seksti kroner dagen.

Reaksjonane frå vennar og kjente har berre vore positive.

– Det er mange som ikkje skjønar korleis eg kan orke det. Men det er ingen som har vore direkte negative. Dei som er negative er folk som ikkje kjenner meg i det heile tatt, seier Solheim.

Han har tenkt å halde fram så lenge kroppen ikkje byrjar å klage. I prinsippet er han innstilt på at den nye dietten skal vare livet ut.

– Sånn som eg kjenner meg sjølv, ja. Eg kjenner eg meg sjølv godt nok til at eg sikkert kjem til å gjere noko slikt.