Hopp til innhold

Vakna med heilt attklistra auge

Rennande nase og sviande auge gjer at Bernt Kjøsnes (44) gruar seg til vår og sommar.

Bernt Kjøsnes vedgår at pollenallergien er ei plage

PLAGE: Bern Kjøsnes vedgår at pollenallergien er ei plage. Medan andre gleda seg over at bjørka spratt ut i helga, var han plaga av rennande nase og auge. Etter ein dag med regn har plagene gitt seg ein del.

Foto: Montasje: NRK/Privat

– Det forferdeleg trasig. Det følest ut som du går konstant forkjøla heile våren, seier han til NRK.no.

Medan mange nesten ikkje kunne styre si begeistring over det fine vårvêret som kom sist helg, visste jølstringen at det kom til å bli nokre tøffe dagar. Han er ein av ein million nordmenn som har pollenallergi.

– I forgårs var den verste dagen. Då svei og rann det av auga, og i går vakna eg med heilt attklistra auge. Det er ikkje noko særleg, seier Kjøsnes som ikkje legg skjul på at allergien er ei plage.

Fekk allergi i vaksen alder

Etter den lange og kalde vinteren kom endeleg våren for fullt sist veke. Mange har lengta etter grønt gras og lauv på trea, og då temperaturane kom opp i over 20 grader mange stader fekk naturen fart på seg.

Men det er ikkje noko dei med pollenallergi gler seg over.

– Våren var den finaste tida på året, fram til eg fekk allergien, seier 44-åringen som først utvikla pollenallergi for fire år sidan.

Er tidleg ute med å ta medisin

Pollen er bittesmå partiklar som spreiar seg med vind og insekt for å bestøve planar.

Det som er mest til plage for folk kjem frå tresortane or, hassel og bjørk, og alle grassortar, spesielt timotei og hundregras. I tillegg kjem pollen frå salix og burot.

– Når påska kjem byrjar eg tenkje på å starte opp med medisin, slik at eg er klar når allergien kjem, seier Kjøsnes.

Vel 20 prosent av alle nordmenn har pollenallergi, noko som betyr at nesten ein million nordmenn har større og mindre plager. Rennande nase og rennande og kløande auge er typiske symptom.

(Artikkelen held fram under biletet)

Pollenallergi

PROSIT: Nysing er også noko mange med pollenallergi er plaga av. Gjerne i seriar der det kan verke som at det aldri skal gje seg.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Men det er ikkje nok...

Det finst mange gode råd for korleis dei med allergi skal greie seg best mogleg gjennom pollensesongen. Dei aller fleste brukar medisinar.

– Allergimedisinen hjelp ein god del, men slik det er no kjenner eg det likevel, seier Kjøsnes.

Andre gode råd er å vaske ansikt og hender når ein har vore ute, og å skylje håret og skifte putetrekk før ein legg seg.

Ein blir også råda til å ha vaske ofte i heimen for å unngå at pollenartiklane får samle seg. Tørking av sengeklede eller klede ute er heller ikkje å anbefale.

– Eg prøver å leve normalt, men prøver tenkje at eg ikkje skal henge ut sengklede.

– Eg må vere litt meir obs, men eg vil samtidig vere ute med ungane mine, fortel han.

Og det blir stadig fleire som får allergi

Regionsekretær i Astma- og allergiforbundet, Hildur Østbø, synest det er trist at så mange skal vere plaga av pollenallergi.

– Det er mange som slit med både skule, eksamenstid og med jobb i desse tider. Det kan vere aktuelt å ta litt ekstra omsyn, seier Østbø.

Ho seier folk som er plaga med allergi må ta kontakt med lege for å få behandling for plagene.

– Det kan vere tablettar, nasespray eller ein vaksine som er utvikla i seinare tid. Vaksinen tek tre til fem år for å få full verknad, og det er berre dei med dei sterkaste plagene som får tilbod om dette, seier regionsekretæren.

Det blir stadig fleire som får pollenallergi. Kvifor kan ikkje Østbø svare på.

– Den som hadde kunne svare på det. Men allergi og overfølsomheit for diverse ting er noko som er i frammarsj.

– Det kan vere samfunnet vi lev i, der ein blir eksponert for sterke stoff frå ein er små, seier Østbø.

– Ein må berre bite tennene saman

Bernt Kjøsnes håpar det verste no skal vere over. Då våren først kom for fullt i helga gjekk det fort.

– Eg trur vi er over den verste kneika. Vi såg det nesten dei dagane det var fint vêr, det gjekk så fort. For min del var eg glad då det byrja regne i går, for det dempa det litt.

– Men ein må berre bite tennene saman og gjere det beste ut av det, seier han.