Hopp til innhold

Difor går dødstala ned på norske vegar

Bilparken blir yngre og dødsulukkene færre. – Utviklinga vil halde fram, men det har med å gjere at den eldste delen av bilparken må vekk frå vegane våre.

SJÅ TV-SAK: Denne 13 år gamle bilen hamna i fjellveggen. Ved ein frontkollisjon ville den fått langt større skader enn ein meir moderne bil.

  • NRK fekk først oppgjeve feil alder på vraka bilar. Nettsaka er oppdatert med dei rette tala.

Det seier Hans Olav Hellesøe, leiar for ulukkesanalysegruppa i Statens vegvesen Region Vest.

I løpet av mars omkom to personar på norske vegar. Så langt i 2018 har 16 mista livet i trafikkulukker. Begge tala er rekordlåge.

– Dette er dei lågaste tala vi har hatt etter eit første kvartal sidan vi starta å lage skikkeleg statistikk. Eg trur difor vi må minst 70–80 år tilbake i tid for å finne så få trafikkdrepne, sa vegdirektør Terje Moe Gustavsen då statistikken vart presentert nyleg.

Nybilsalet aukar

Hans Olav Hellesøe

NEDGANG: Hans Olav Hellesøe hos Statens vegvesen er glad for at færre personar døyr på norske vegar. – Det er godt å sjå at færre prestar må reise rundt og fortelje familiar at dei har mista nokon dei er glade i, seier han.

Foto: NRK

Buskerud, Telemark, Vest-Agder, Hordaland, Sogn og Fjordane og Finnmark har så langt i år ikkje hatt dødsulukker.

Hellesø meiner ein yngre og meir trafikksikker bilpark er ein viktig del av forklaringa på den positive utviklinga.

– Bilen varetek personen inni på ein veldig god måte i høve tidlegare. Den fangar opp energien slik at du ikkje får energi gjennom kroppen din på same måte som før, seier Hellesøe.

Selde 60.000 fleire nybilar

I løpet av dei siste ti åra er snittalderen på bilparken redusert monaleg. Ei viktig årsak er at nybilsalet har auka kraftig. Frå vel 98.000 nye personbilar i 2009, til 158.650 i fjor.

Det er det største nybilsalet sidan midten av 80-talet.

– Nyare bilar har ein viktig funksjon; Beskytte når det går gale. Ulukker kan skje, men sterkare og betre utstyrte bilar reduserer skadeomfanget i kollisjonar, seier Hellesø og er glad for at dødstala i trafikken går nedover.

Vrakar bilar etter 18 år

Inger Elisabeth Sagedal

FOR GAMLE: Inger Elisabeth Sagedal og NAF jobbar for at bilane skal bli billegare å kjøpe i Noreg.

Foto: Erik Norrud / NAF

Utviklinga gler også Norges Automobil Forbund. Kommunikasjonssjef Inger Elisabeth Sagedal seier snittalderen på bilparken i Norge har gått frå 10,5 i 2013 til nærare 10 år.

Ho er samd i at ein yngre og tryggare bilpark reduserer dødstala. Forbundet ivrar spesielt for å senke avgiftene, redusert omregistreringsavgift og auka vrakpant.

– Vi ynskjer at fleire skal ha moglegheit til å skaffe seg nyare bil, men framleis er bil for dyrt i Norge, seier Sagedal.

Ifølgje Statistisk Sentralbyrå har snittalderen på bilar som blir vraka gått ned frå 18,4 til 18,2 sidan 2013.

– NAF meiner den bør vere 14 år, seier Sagedal.

Sterkare kupe

Hellesøe meiner foreldre bør la ungdomane nytte dei nyaste bilane.

Desse har sterkare kupe og moderne hjelpemiddel for å unngå kollisjonar og redusere skadeomfanget om uhellet først er ute.

– Når vi har brukt så mykje pengar og energi på å få ein unge opp til 18 år, så bør ein stå løpet litt til og la dei låne bilen. Er dei uheldige, så er det forsikring på bilen, seier han.