Hopp til innhold

NHO ber regjeringa tenkje seg om - fryktar ein grådig stat skal setje flyplassane i fare

Ein grådig stat kan gå hardt utover framtida til flyplassane. Det fryktar NHO i Sogn og Fjordane som ber staten om å ikkje ta ut for mykje i utbytte frå Avinor.

Jan Atle Stang om flyplassar

BEHOV FOR INVESTERINGAR: Jan Atle Stang fryktar ein grådig stat kan forsyne seg for grovt av pengekassa til Avinor. Det igjen kan gå ut over nødvendige investeringar ved flyplassane, til dømes i Florø.

Foto: NRK

Næringslivet er storbrukarar av flyplassar i distrikta, flyplassar som i stor grad har behov for investeringar.

Men i NHO fryktar dei at Avinor ikkje skal ha nok pengar til å gjere investeringane som trengst. Regiondirektør Jan Atle Stang i NHO ber om at staten ikkje er for grådig.

– Vi meiner ein staten må passe seg for å vere for grådige når dei tek ut utbytte frå Avinor, spesielt fordi Avinor har eit stort behov for nyinvesteringar, seier Stang.

Fryktar investeringar blir utsette

Med bedrifter i mange krikar og krokar av Sogn og Fjordane er medlemsbedriftene i NHO Sogn og Fjordane flittige brukarar av fly i distrikta.

Dei er avhengige av gode tilbod, som også betyr at flyplassane må vere oppdaterte på infrastruktur og rusta for å ta unna passasjerane.

Men dette kan bli vanskeleg fryktar NHO, som er redde for at ein grådig stat skal strype økonomien til Avinor. Såleis vil dei kunne hindre nødvendig opprusting av flyplassane, seier Stang.

– På flyplassen i Florø er passasjervolumet så stort at fasilitetane er for dårlege. Det er til dømes behov for investeringar på hangarsida, på flyoppstillingsplassar og på infrastruktur, seier Stang.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ketil Solvik-Olsen

LOVAR LYTTE, MEN: Ketil Solvik-Olsen kan som samferdsleminister ikkje love at staten ikkje forsyner seg av Avinor sitt overskot.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Håpar staten ser behovet

Han viser også til at kapasiteten på Flesland lufthamn i Bergen er sprengt, og at Avinor der står framfor valet om å byggje ny rullebane eller flytte helikopterdelen ved flyplassen.

– Det er signalisert at staten vil ta eit større utbytte frå Avinor. Vi vil åtvare mot å ta frå Avinor det handlingsrommet dei har behov for, seier Stang.

Ministeren lovar å lytte...

Og Stang og NHO talar ikkje for døve øyre.

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen frå Frp lovar at han skal lytte.

– Framstegspartiet i opposisjon var veldig opptekne av eigenkapitalsituasjonen til Avinor, fordi vi såg at det vart teke ut eigenkapital som kunne sette viktige investeringsprosjekt i fare, seier Solvik-Olsen.

Men kan ikkje love noko

Men han kan likevel ikkje love at han som eigar ikkje forsyner seg av overskotet til Avinor.

– Vi har ein runde gåande no, for å sjå på eigenkapitalsituasjonen generelt, og på enkelte prosjekt spesielt, seier han og viser til at det er fleire store flyplassar som har behov for investeringar.

Men noko konkret svar på kva staten vil leggje seg på med tanke på utbytte kan ministeren ikkje svare på enno.

– Om det blir til at vi reduserer kor mykje vi tek i utbytte, eller om vi held fram med den utbyttepolitikken ein har hatt til no, men tilfører eigenkapital ved behov, det er noko vi må kome tilbake til, seier Solvik-Olsen.