Hopp til innhold

Dagen den «blå kystbyen» blir raud

Oppgjeret mellom Florø og Brann, er kampen dei fleste FSK-supporterane aldri vil tape. Uansett kven som går vidare i cupen.

Brann pregar bybiletet i Florø.

MEST RAUDT: Lidenskap til gjestene frå Bergen pregar bybiletet før Florø tek imot Brann i dagens heimeoppgjer i cupen.

Foto: MMS-FOTO: Truls Kleiven

I kystbyen er stemninga byrja å ta seg opp timane før avspark klokka 18.

Plakat på arbeidsplass

IKKJE LETT: Denne plakaten møtte ein Brann-supporter då han kom på jobb.

Foto: MMS-FOTO: Truls Kleiven

Og dei aller fleste floraværingane vil ikkje henge med leppa om Brann går vidare til tredje runde i cupen – på kostnad av heimelaget.

– Det er slike fellesopplevingar som er vitamininnsprøyting for oss alle. Det er veldig mange som går happy heim. Alle held med Florø og alle held med Brann. Eg har sjølv spelt 25 år for Florø, men held med Brann, seier MGP-nestor Per Øyvind Helle.

Mest raudt

Timane før kampstart er det i hovudsak raudfargen som pregar sentrumsbiletet i Florø. Blåfargen til heimelaget, er det lengre mellom ein skimtar.

Dennis klar for kamp.

BRANN: Ingen tvil om kvar lojaliteten til Florø-guten Dennis ligg før dagens cupkamp.

Foto: MMS-FOTO: Truls Kleiven

Kanskje ikkje så unaturleg når dei fleste i kystbyen «har sitt hjarte i Brann». Arthur Wåge, mest kjent som Dennis, ladar opp til cupkampen med raud bukse og raud genser.

– For å vere heilt ærleg, greitt, dei slo ut «kloggelaget» frå Sogn , men det kjem aldri til å skje med Brann. Då er det noko rivruskande gale med norsk fotball, seier florøværingen.

Brann måtte slite

Før han vedgår at sjansane likevel er der for at Goliat kan gå på nok ein smell mot David. Brann er inne i ein dårleg trend i serien, og måtte slite for å slå 3. divisjonslaget Bjarg i første runde av cupen.

Birger Meland får ansiktsmaling.

MALING: NRK-reporter Birger Meland får nøytral ansiktsmåling.

Foto: MMS-FOTO: Truls Kleiven

Det er ikkje alt som stemmer i bergensklubben før møte med sine frendar i Florø.

– Senkar dei seg litt for mykje i dag, så kan dei fort gå på ein smell. Men eg håpar det beste raude laget vinnar, seier Dennis.

– Cup er cup

Arne Scheie trefte rett då han tippa cupbombe i oppgjeret mellom Kvik Halden og Fredrikstad. Om han får rett når han ikkje utelukkar ny cupbombe på Flora stadion , gjenstår å sjå.

Magne Bakke er mellom dei som kryssar fingrane for heimelaget.

– Eg går ikkje opp der og ventar at Florø skal vinne. Men alt kan skje og cup er cup. Dei slo Sogndal og kven veit. Klarer å gjere heiderleg motstand mot eit Brann-lag, så er det ein bragd i seg sjølv, seier han.

Skal gå 50 mil

Steinar Svardal

VEDDEMÅL: Steinar Svardal satsar sjokomjølk.

Foto: MMS-FOTO: Steinar Svardal

Veddemåla plar hagle rundt slike oppgjer. Butikkinnehavar Steinar Svardal lovar å gje FSK-spelarane 1.000 einingar med Sjokomjølk om dei slår ut eliteserielaget. Samstundes lovar han å gå dei fem mila heim til Stavang om FSK er blant klubbane som spelar 3. runde.

Tidlegare FSK-back og midtstoppar, Stig Strømsøy, let seg rive med og legg opp til følgjande spasertur i sommarferien:

– Det er Steinar sin feil. Eg har sagt eg skal gå frå Bærum til Florø. Det er vel rundt 50 mil, seier han.

Stig Strømsøy

50 MIL: Stig Strømsøy spelte for Florø mellom 1992 og 2003.

Foto: Dag Frøyen/Firdaposten

– I utgangspunktet håpar eg på Florø, men det gjer ingenting om dei taper heiderleg 0-1, ler han vidare.

Håpar på FSK

Ein annan som håpar på heimesiger er tidlegare FSK-keeper, Kalle Giil.

– Det er eit par lag som eg ikkje likar spesielt godt, seier han og trekkjer på skuldrene på spørsmål om Brann er av desse laga.

– Men dette blir veldig, veldig spennande. Det kan gå begge vegar. Det er ei perfekt tid å møte Brann på. David har slått Goliat før. I går skjedde det med Fredrikstad, og Sogndal, som er ute, tok seg til finalen som 2. divisjonslag, seier han.

Blir schizofren

Med Sogndal ute, blir 3. divisjonslaget Florø Vestlandet sin representant i tredje runde av cupen. Dersom dei overkjem Brann i kveld.

Den tanken gjer Brann-supporter Truls Kleiven litt schizofren.

– Kampen generelt er ikkje så veldig lett for ein Florø-gut og Brann-supporter. Og Florø-folk er veldig Brann-supporterar, seier han før han tek av seg Brann-hatten:

– Det er jo ein fantastisk jobb FSK har gjort. Økonomisk er dette gull for heile klubben. Inntekt på 400.000 kroner på denne kampar svarar til årsbudsjettet for A-laget. Og vinn dei denne kampen og går vidare til neste runde, så er det jo gull, seier han.

Kan gå begge vegar

Også han vel vitande om dei sportslege utfordringane Brann stor framfor. Mangel på resultat gjer at klubben har underprestert i serien.

Klubben har sjølv uttala at dei treng ein siger og er vel klar over at dei må prestere.

– Men samstundes har Brann eit veldig hardt kampprogram med sju kampar på 22 dagar. Til helga har dei ein tøff kamp mot Lillestrøm. Dette kan slå begge vegar, slår han fast.