Hopp til innhold

Difor fekk han saft i saftbygda

Før besøket i saftbygda annonserte Rosenborg-spelar Mikkel Diskerud på Twitter at han digga Lerum si sitron- og limesaft. Då fekk sogndølane fart på seg.

Mikkel Diskerud fekk med seg saft frå saftbygda

SAFT: Mikkel Diskerud kom til saftbygda med to tomme hender, heim reiste han med over fem liter med favorittdrikken sin.

Foto: Scanpix

Med ein saft- og syltetøyprodusent som ei av dei store hjørnesteinsbedriftene, har Sogndal blitt kjent som saftbygda land og strand over. Lerum har også vore sponsor for Sogndal Fotball i snart 35 år, og har eit nært forhold til klubben.

Då safta altså fekk merksemd på Twitter før kampen mellom Rosenborg og Sogndal i går, var det difor heilt naturleg å ta dette på alvor.

Rosenborg-profilen Mikkel Diskerud skreiv at han gledde seg til å kome til saftbygda, og skreiv vidare at han elska naturen og Lerum si sitron- og limesaft.

– Han lurte på om kassa med saft var klar, noko både vi og Lerum fekk med oss, fortel dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil Mundal.

– Trine Lerum (administrerande direktør i Lerum, red. anm.), var då raskt på pletten med ei kasse, flirer Mundal.

– Smakar betre når den er med heim frå saftbygda

Og etter at trønderklubben hadde slått heimelaget 2–1 var det klart for høgtideleg overrekking av safta. Ein åttepakning med 0,7 liter ublanda saft fekk vere med Mikkel Diskerud i bagasjen heim.

Midtbanespelar Ørjan Hopen fekk æra av å overrekke den bokstavleg talt sursøte gåva.

– Då eg såg Egil komme med åttepakningen med saft, bad eg om å få ta over, sidan eg kjenner Mikkel frå før, fortel Hopen.

– Han var jo sjølvsagt godt nøgd med gåva, og sette stor pris på å få med seg litt kvalitetssaft opp att til Trondheim.

– Ja, for dei har ikkje det i Trondheim frå før altså?

– Eg veit ikkje kva dei har, men den smakar tydelegvis mykje betre om den er med heim frå sjølvaste saftbygda, flirer Hopen.

Ser framover mot LSK-kampen

Litt mindre munter blir sogndølen når han skal snakke om kvifor Rosenborg fekk med seg noko anna verdifullt nordover, nemleg siger og tre poeng.

– Det er kjedeleg når vi får eitt poeng tidleg. Som før i sesongen sleppte vi inn eit dritmål på eit langt innkast. Deretter får dei eit par gode sjansar, og vi greier ikkje vere i press. Vi greier aldri etablere noko skikkeleg trykk mot slutten for å få med oss eit poeng, seier han oppgitt.

No vil han heller sjå framover mot søndagens bortekamp mot Lillestrøm. Ein kamp der laget frå saftbygda igjen går for tre poeng.

– Vi har hatt OK tak på Lillestrøm tidlegare, og eg trur det skal passe oss bra å spele på gras mot dei borte. Dei har litt større press på seg enn det vi har, seier han.

(Artikkelen held fram under)

Ørjan Hopen

HOPEN FEKK ÆRA: Av å overrekke den sursøte gåva frå Sogndal til Mikkel Diskerud.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Trur på poeng

Også dagleg leiar Egil Mundal vel å sjå framover. Han meiner Sogndal dei siste kampane har vist gode takter.

– Eg synest kampane mot både Strømsgodset, Haugesund og Rosenborg i går viser mykje av det bur i dette laget. Om vi held fram med å prestere så blir det bra med poeng.

– No fekk vi eitt for lite poeng i går, men over ein sesong brukar det jamne seg ut. Over tid får ein dei poenga ein fortener, seier Mundal.

Han meiner det er mykje positivt å ta med seg frå Rosenborg-kampen, og håpar i tillegg troppen som reiser sørover søndag skal vere ytterlegare forsterka. Ifølgje Mundal er det håp om at både Taijo Teniste og Azar Karadas skal vere tilbake etter skade.

– Eg har god tru på ein ny god prestasjon mot Lillestrøm, og med ein god prestasjon kjem det også poeng med tilbake over fjellet, seier Mundal optimistisk.